Lonna logo
Lonna logo

Er du nysgjerrig på ny teknologi og opptatt av menneske? Er du vår nye produktlinjeleiar?

Universitetet i Bergen

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen3 days siden

Er du nysgjerrig på ny teknologi og opptatt av menneske? Er du vår nye produktlinjeleiar?

Universitetet i Bergen

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen3 days siden

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Om stillinga:

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!
Behandling av forskingsdata har dei siste åra vekse fram som eit stadig viktigare område for forsking og kunnskapsutvikling. For å støtte Universitetet i Bergen si verksemd aukar UiB sin innsats på området og søker etter ei som kan leie utviklinga av IT-tenester knytt til vitskaplege berekningar. Ved IT-avdelinga er det no ledig stilling som produktlinjeleiar for vitskaplege berekningar (senioringeniør).

IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.

IT-avdelinga har om lag 130 tilsette, medteke lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib 

Produktlinja for vitskaplege berekningar har fleire leveransar til forskingsmiljø, bla, NRIS, bereknings- og lagringsressursar til fysikarar på CERN og andre produkta og løysningar for forskarar på UiB. Mange lokale løysningar baserer seg på NREC, kor er det tett samarbeid med NREC produktteam.

NRIS ( https://www.sigma2.no/services-overview ) er et samarbeid melom UiB, UiO, UiT, NTNU og Sigma2 som leverer infrastruktur og tenester for tungrekning og databehandling.

NREC ( https://nrec.no/ ) er en skyløysing for universitet og høgskolar som er utvikla av UiB og UiO.

Produktlinja har per i dag 6 medarbeidarar og 2-3 frå andre grupper som bidrar til produktlinjeleveransar.


Arbeidsoppgåver:

  • Lede produktlinja for vitskapelege berekningar.
  • Delta i nasjonalt og noko internasjonalt samarbeid for IT-tenester til forsking.
  • Saman med produktteamet gå gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga, forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåver.
  • Saman med produktteamet ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med sterk fagkompetanse og andre relevante IT-ressursar frå avdelinga og andre avdelingar på UiB.
  • Delta i drift og utvikling av tenestene i produktlinja
  • Brubyggjar mellom ulike tungreknemiljø og jobbe tett samen med utviklings- og driftsmiljøa i produktteamet for digitale forskingstenester.
  • Bidra aktivt i utviklinga av produktlinja gjennom samarbeid med forskarar og partnarar.
  • Bidra med teknisk kompetanse i utvikling og drift av løysingar som produktlinja har ansvar for.
  • Bidra til å vidareutvikle produktområda digitale forskingstenester og produkt ved seksjonen og fagmiljøa ved IT-avdelinga og UiB.
  • Personalleiing og utvikling av medarbeidarar i produktlinja.
  • Bidragsytar i avdelingas og UiB sine aktivitetar for leiarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Trygg i leiarrolla og komfortabel med varierte oppgåver.
  • Kjennskap til fagområda som er knytt til produktlinja vitskapelege berekningar.
  • Erfaring som enten bruker eller administrator frå tungrekning eller liknande miljø.
  • Erfaring frå forsking innan relevante fag med tung bruk av datateknologi er ønskeleg.
  • Erfaring frå å skrive søknader til Forskingsrådet eller EU-utlysingar er ønskeleg
  • Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt.
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt.
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
  • Minimum mastergrad eller tilsvarande utdanning innafor IT, informatikk, naturvitskap eller andre relevante fag med stor fokus på algoritmar og berekningar.
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.

Vi ber om at du sender inn CV, referansar og kopi av vitnemål. Eige søknadsbrev er ikkje naudsynt.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar.
  • Stilling som senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr. 657 300 - 866 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  produktområdeleder Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137) eller underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 464 74 644).

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


  • user

    Tittel

    Er du nysgjerrig på ny teknologi og opptatt av menneske? Er du vår nye produktlinjeleiar?

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

  • user

    Tittel

    Er du nysgjerrig på ny teknologi og opptatt av menneske? Er du vår nye produktlinjeleiar?

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her. 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    46502

  • Sist endret

    1. oktober 2024