Lonna logo
Lonna logo

Ingeniør Vann og avløp

Tekniske tenester, Sula kommune

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg15 days siden

Ingeniør Vann og avløp

Tekniske tenester, Sula kommune

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg15 days siden

Om stillingen

Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgivar som rekrutterer, vidareutviklar og held på dyktige og engasjerte medarbeidarar.
No har eining for Kommunalteknikk ledig ei 100% fast stilling som ingeniør innan vatn og avlaup. 

Eininga sitt oppdrag er å sikre at innbyggarane i Sula kommune får reint drikkevatn, har trygge vegar og at avløpshandteringa er i samsvar med gjeldande lovverk. Kommunalteknikk har eit godt fagmiljø med totalt 10 tilsette ingeniørar og fagarbeidarar.

Den som vert tilsett skal i tillegg til tett samarbeid med sine kollegaer, veilede utbyggarar, entreprenørar og våre eigne driftsoperatørar.

 

Foto: Gunnar Leira


Arbeidsoppgåver

Drift- og vedlikehald av eksisterande kommunal infrastruktur, samt oppfølging av investeringsprosjekt innan veg, vatn og avlaup.

Sikre at VA-anlegg som vert utbygd av private utbyggjarar er i tråd med gjeldande regelverk (lokalt tilpassa VA-norm). Rettleie og gje praktisk oppfølging av private utbyggjarar og deira entrepenørar når anlegg skal planleggast og gjennomførast. Sikre at anlegg/infrastruktur ved ferdigstilling er i samsvar med kommunen si norm, slik at kommunal overtaking for vidare driftsansvar og eigarskap vert gjennomført korrekt og effektivt. Arbeidet gjerast saman med driftsoperatørar og andre som jobber med prosjektering, oppsett og oppfølging av kontrakter. I stillinga skal du også jobbe med kommunalteknisk sakshandsaming innanfor fagområda.

Andre oppgåver kan verte aktuelle om arbeidsgivar har behov for det. 


Kvalifikasjonar

  • Aktuell høgare utdanning på bachelor nivå, primært innen fagområda vatn og avlaup.
  • Fagskuleingeniør med relevant erfaring innen fagområda kan kompensere for høgare utdanningskrav.
  • Kompetanse innen relevante digitale verktøy.
  • God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg. 
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er fleksibel, positivt innstilt og trivast med ei stor spennvidde i arbeidsoppgåver.
  • er løysing- og utviklingsorientert.
  • er imøtekomande mot publikum og generelt god i å samhandle med dei rundt deg. 
  • kan jobbe sjølvstendig like godt som saman med kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
  • motiverer og bidreg til gode arbeidsfellesskap.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr


  • Ein leiar og eit arbeidsmiljø som vil legge til rette for fagleg og personleg utvikling.
  • Gode kontorfasilitetar.
  • Korte avstandar både geografisk og administrativt.
  • Fleksitidsordning.
  • Gratis parkering.
  • Løn- og tilsetjing på kommunale vilkår.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Per Ola Ravnå, Leiar, 414 00 942, per.ola.bjorkavag.ravna@sula.kommune.no
Jørn Agersborg, Kommunalsjef Samfunn, 978 91 484, Jorn.Erling.Agersborg@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4865306902
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

  • user

    Tittel

    Ingeniør Vann og avløp

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

  • user

    Tittel

    Ingeniør Vann og avløp

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune. 

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg. 

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.   

 

Meir informasjon om Sula kommune her

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    46966

  • Sist endret

    2. oktober 2024