Lonna logo
Lonna logo

HR-rådgjevar

Stab for HR og HMS, Vest politidistrikt

Vestre Strømkaien 7, 5008 Bergen2 days siden

HR-rådgjevar

Stab for HR og HMS, Vest politidistrikt

Vestre Strømkaien 7, 5008 Bergen2 days siden

Om stillingen

Vil du jobbe som HR-rådgjevar i ei kompleks og spennande verksemd med eit meiningsfylt samfunnsoppdrag?

I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som HR-rådgjevar ved Seksjon for HR. Seksjonen er ein del av Stab for HR og HMS som er ein strategisk leiarstøttestab for politimeisteren og hans leiargruppe i Vest politidistrikt.

Som HR-rådgjevar vil du få ansvar for ein eller fleire driftseiningar innanfor alle HR-relaterte saker. Det inneber å rådgi og sparre med leiarane i driftseiningane for å gjere dei i best mogleg stand til å løyse oppgåvene sine. 

HR-seksjonen består av 11 dyktige medarbeidarar med variert utdanningsbakgrunn og god spreiing på alder og kjønn. Vi har eit godt arbeidsmiljø med stor takhøgd, og er opptekne av å spele kvarandre gode. Vi holder til i lyse og trivelige lokaler, og sitter i åpent kontorlandskap.

Politietaten er i eit pågåande prosjekt for å skru saman framtidas HR i politiet. Det inneber mellom anna standardisering og digitalisering av HR-prosessar, og større grad av fagleg samarbeid og erfaringsdeling på tvers av politietaten. Vi har eit høgt HR-fagleg nivå og er opptekne av å kontinuerleg utvikle oss.

Vi ser etter deg som vil bidra til god HR-fagleg kvalitet i møte med leiarar og medarbeidarar i Vest politidistrikt. Vil du vere med oss på laget?


Arbeidsoppgåver

  • Gi opplæring, råd og rettleiing til leiarar i rekrutteringsprosessar
  • HR-rådgiving innanfor alle typar HR-spørsmål
  • Sakshandsaming og administrativ oppfølging av HR-saker
  • Bidra til utvikling av HR-arbeidet i politiet
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Relevant mastergrad eller relevant utdanning på bachelornivå kombinert med relevant arbeidserfaring
  • Relevant arbeidserfaring blir vektlagd og kan i særkilde høve kompensere for kravet til utdanning  
  • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer
  • God digital kompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må leverase ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Ønskjeleg:

  • Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk i staten er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Evne å jobbe systematisk, nøyaktig og effektivt i ein hektisk arbeidskvardag
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne å setje seg raskt inn i problemstillingar, vere fleksibel og sjå løysingar
  • Sjå moglegheiter og ta initiativ til forbetring
  • Vere ein positiv bidragsytar til å skape trivsel og eit godt arbeidsmiljø

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevissthet, du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas politi
  • Stillinga vert avlønna som rådgjevar (stillingskode 1434), fra lønnstrinn 68 / kr 667.700 til lønnstrinn 71 / kr 708.000 brutto per år 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (mellom anna fleksibel arbeidstid, sommertid, trening i arbeidstida o.l.)

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfold er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysing. Så langt det er mulig vil vi leggje tilrette for medarbeidarar som treng for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar  med funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppfordrer vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysning gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.

Du kan lese mer på arbeidsgiverportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.   

Opplysingar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Line Kallestad Jensen, Seksjonsleiar, 41103123
For spørsmål om elektronisk søknad/CV, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Vestre Strømkaien 7
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4864808325
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2024

  • user

    Tittel

    HR-rådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.


  • user

    Tittel

    HR-rådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.


Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    47058

  • Sist endret

    1. oktober 2024