Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar - 100% fast - Lerketunet

Alver kommune

Havnevegen 14, 5919 Frekhaug11 days siden

Sjukepleiar - 100% fast - Lerketunet

Alver kommune

Havnevegen 14, 5919 Frekhaug11 days siden

Om stillingen

Om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i turnus med høve til arbeid i langvakter kvar 6. helg, eller vanlige vakter kvar 3. helg på Lerketunet. Stillinga er ledig frå 22.12.2024


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar/vernepleiar vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og som primærkontakt får du eit tett samarbeid med pasient og pårørande.


Om Meland sjukeheim og Lerketunet

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : "Omsorg med livsglede og kompetanse".

Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Vi er opptatt av å ha eit godt fagleg tilbod til dei som bur på Lerketunet. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Som helsefagarbeidar er du med og gir bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Ein viktig del av arbeidet er å skape eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidarar


Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Kven er du?

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar/vernepleier med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!


  • user

    Tittel

    Sjukepleiar - 100% - fast på Lerketunet

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar - 100% - fast på Lerketunet

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    47329

  • Sist endret

    8. oktober 2024