Lonna logo
Lonna logo

Diakon/seksjonsleiar diakoni

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Tytebærbrekko 2, 5353 Straume14 days siden

Diakon/seksjonsleiar diakoni

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Tytebærbrekko 2, 5353 Straume14 days siden

Om stillingen

Ønsker du å vise Guds kjærleik i praktisk handling overfor medmenneske og skaparverket? Er du villig til å stille spørsmålet "Kva vil du at eg skal gjere for deg?" - og handle ut frå det?

Dersom svaret på desse spørsmåla er ja, håpar vi du vil søkje på denne stillinga som seksjonsleiar for diakoni/diakon. Hos oss vil du få vide rammer til å utvikle det diakonale arbeidet i heile fellesrådsområdet. Som seksjonsleiar for diakoni vil du få ein unik mogelegheit til å byggje vidare på det diakonale arbeidet vårt.

Ta kontakt med oss, så fortel vi deg meir om dette.


Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle det diakonale arbeidet i kyrkje og lokalsamfunn
  • Vere kyrkja sitt strategiske auge ut mot lokalsamfunnet sitt behov
  • Vere pådrivar for at nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd vert innarbeidd i alle delar av kyrkja sitt arbeid
  • Vere ein aktiv pådrivar for samhandling og vidareutvikling av eksisterande samarbeid med kommunen og andre aktørar
  • Fagleg- og personalleiing overfor tilsette i seksjon for diakoni
  • Vere styremedlem av og rettleiar for Basecamp ungdomsdiakonitiltak når det gjeld diakonal tenking og praksis
  • Leie eitt av sokneteama i fellesrådsområdet i samarbeid med soknepresten
  • Vere eit konstruktivt medlem av leiargruppa
  • Andre arbeidsoppgåver som diakon, t.d. samtalar, sorggrupper, osv.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i høve til tenesteordning for diakonar
  • Andre med relevant høgare utdanning kan òg søkje, til dømes utdanning på bachelornivå innan helse- og sosialfag eller pedagogikk. Den som vert tilsett må vere villig til å ta master i diakoni som fører fram til godkjent grad som diakon, jfr. tenesteordning for diakonar. Oppstart på master må vere innan eitt år frå tiltredingstidspunkt
  • Erfaring frå diakonalt arbeid vil verte vektlagt
  • Ønskeleg med formell leiarutdanning, men arbeidserfaring som leiar kan kompensere
  • Erfaring med å leie strategisk arbeid er ein fordel
  • Kjennskap til kyrkja sine fellessystem er ønskjeleg
  • Noko økonomi- og budsjetterfaring er ønskjeleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er flink til å tenkje fagleg strategisk
  • Du ser mogelegheiter framfor avgrensingar
  • Du er ein utprega lagspelar, og er flink til å spele andre gode
  • Du er dyktig til å motivere og inspirere dine medarbeidarar og drive målretta arbeid gjennom seksjonen
  • Du er målbevisst
  • Du er inkluderande, raus og glad i menneske

Vi tilbyr

  • Stort spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med fellesråd og medarbeidarar
  • Eit godt arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
  • Høve til personleg og fagleg utvikling
  • Stor grad av autonomi og fleksibilitet
  • Løn i samsvar med KA sin tariffavtale
  • Inntil 20% av arbeidstida i fire år kan brukast til å ta master i diakoni

Anna:

  • Du må vere medlem av Den norske kyrkja
  • Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest, jfr. trossamfunnslova §20
  • Tilsetjing skjer med atterhald om vigsling, og at biskopen gir tenestebrev
  • Stillinga er ledig frå 01.04.2025. Det er ønskjeleg med eit overlapp mellom noverande og ny seksjonsleiar

Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530
Astrid Fylling, seksjonsleiar for diakoni, 97175733

Arbeidssted

Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Øygarden kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4867770712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.10.2024

  • user

    Tittel

    Diakon/seksjonsleiar diakoni

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

  • user

    Tittel

    Diakon/seksjonsleiar diakoni

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    47469

  • Sist endret

    3. oktober 2024