Lonna logo
Lonna logo

Lege i spesialisering innan anestesiologi

Anestesilegar og smertepoliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund3 days siden

Lege i spesialisering innan anestesiologi

Anestesilegar og smertepoliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund3 days siden

Om stillingen

Seksjon for anestesilegar og smertepoliklinikk Ålesund,  ligg under avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har ledig fast stilling for lege i spesialisering innan anestesiologi frå 1. november 2024 eller med oppstart etter avtale. Avhengig av tilsetting kan det verte ledig ein eller fleire 100 % vikariat.

Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk inneheld rundt 30 anestesilegar og dekker 4 vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt). Vi har 9-delt tilstadesvakt i primærsjiktet, med arbeid i operasjonsavdeling, dagkirurgi, intensiv, akuttmottak og smertepoliklinikk.

Sjukehuset vårt ligg omkransa av vakre fjell og fjordar med eit rikt naturlandskap. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge og er med sin vakre Jugendstilarkitektur viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Du kan sjå og lese meir frå området vårt på Visit Ålesund og Visit Møre og Romsdal

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Arbeidsoppgåver

  • Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side med 10 sengar (3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ein stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det øyeoperasjoner, øre-nese-hals, samt gynekologi, ortopedi, bløtkirurgi og tannbehandling. Nedre grense for anestesi til barn hos oss er 3 månedar/5 kg.
  • I tillegg gir vi sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar.
  • Anestesilege deltek i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam).
    Som LIS har ein og ein 6 mnd rotasjon ved seksjonen sin smertepoliklinikk.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har gode samarbeidsevne
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Kontaktinformasjon

Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11, Kristen.Rasmussen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4863872141
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2024

  • user

    Tittel

    Lege i spesialisering innan anestesiologi

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    48477

  • Sist endret

    5. oktober 2024