Lonna logo
Lonna logo

Operasjonssjukepleiar

Augeavdeling/ Auge Operasjonseining, Helse Bergen

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen4 days siden

Operasjonssjukepleiar

Augeavdeling/ Auge Operasjonseining, Helse Bergen

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen4 days siden

Om stillingen

Augeavdelinga søker to operasjonssjukepleiarar. Har du lyst å utgjere ein forskjell? Då er du ein av oss.

Seksjon for operasjon treng to operasjonssjukepleiarar i 100% fast stilling. Du blir ein av eit team på 10 som bemannar 4 stover, 3 stk på Augebygget og ei stove i Glassblokkene. Vi er den største augeavdelinga i Helse Vest. Avdelinga utfører om lag 48 000 behandlingar pr.år, og dekker alle funksjonar innan augebehandling. Vi har operasjonar i både lokal og generell anestesi. Augeavdelinga har hatt ein stor auke i aktivitet dei siste åra, og den veksten vil fortsette med stadig fleire eldre. Vi ønsker å vere ei leiande avdeling innanfor faget. Avdelinga er organisert i 4 seksjonar. Ein seksjon for legetenester, ein for kontortenester, ein for operativ verksemd og seksjon for poliklinikk og dagbehandling.

Vi ønsker deg som liker å ta ansvar for å drifte stova du arbeider på og for å skape eit positivt og godt arbeidsmiljø. Du vil få glede av å bidra saman med engasjerte, fagleg oppdaterte og kompetente kollegaer. Vi arbeider for å utvikle tenesta  og sikre god flyt i operasjonsprogrammet.  

Vi søker derfor deg som er fagleg trygg og har eit sterkt engasjement for pasientene våre. Du har eit ønske om å bidra til at avdelinga sine ressursar blir forvalta til det beste for pasientane, i lag med mange dyktige kollegaer. Arbeidstida er mandag- fredag på dagtid, men du vil vere ein del av avdelinga sin vaktberedskap med heimevakter kveld, natt og helg. Vi ser fram til å få deg som vår kollega!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver består i generelle operasjonssjukepleiaroppgåver i steril og koordinerande funksjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du har pasienten i fokus

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Et sterkt fagmiljø med fokus på pasient og kvalitet 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Anita Bjørø Soriano, Seksjonsleiar, 95254596, anita.bjoro.soriano@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4859197665
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

  • user

    Tittel

    Operasjonssjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

  • user

    Tittel

    Operasjonssjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    48571

  • Sist endret

    5. oktober 2024