Lonna logo
Lonna logo

Seksjonsleiar Pasientreiser

Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF

Åsebøen 1, 6017 Ålesund6 days siden

Seksjonsleiar Pasientreiser

Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF

Åsebøen 1, 6017 Ålesund6 days siden

Om stillingen

 Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt- og luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser. 

Vil du leie utviklinga av Pasientreiser i Helse Møre og Romsdal HF?

Pasientreiser har ansvar for oppesittande pasientar, til og frå behandling, i heile Helse Møre og Romsdal sitt nedslagsfelt. Pasientreiser organiserar 200 000 rekvisisjonsbaserte reiser pr. år. Reisene vert planlagde og bestilt med samarbeidspartnarar innan drosjenæringa, fly og annan kollektivtransport. Pasientreiser organiserar også sjuketransporttilbodet i Møre og Romsdal, pr. tida 2 kvite bilar. Pasientreiser har eit budsjett på ca. 190 millionar, forvalta av 20 engasjerte, kunnskapsrike og dyktige medarbeidarar i seksjonen. Lokalisasjon er primært med arbeidsstad, Ålesund sjukehus.

Er du ein motiverande, samlande og tydeleg leiar, kan dette vere rette stillinga for deg! Vi ser spesielt etter deg som er brennande opptatt av å få fram det beste i den enkelte tilsette, samt ønsker å vidareutvikle det sterke og gode teamet i Pasientreiser. Vi tilbyr ei utfordrande leiarstilling med ansvar og handlingsrom til å vidareutvikle ei godt fungerande teneste, samt å ta pasientreisefeltet vidare som ein heilhetleg del av Klinikk for Prehospitale tenester i Møre og Romsdal. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift, personalutvikling, rekruttering, budsjett og kvalitet innanfor seksjonen
  • Planlegging og gjennomføring av mål, tiltak og endringar i samsvar med myndigheitskrav og Helseforetaket sine krav
  • Skape gode relasjonar til samarbeidspartnarar. Det gjeld kontraktspartar i næringa for persontransport og rekvirentar i primær- og spesialisthelsetenesta
  • Interne og eksterne prosjekt i Pasientreiser – deltaking i regionalt og nasjonalt nettverksarbeid
  • Vere ein pådrivar for god samhandling i heile den akuttmedisinske kjeda
  • Innta ei aktiv rolle i klinikken si leiargruppe og bidra til utvikling og fornyelse i Pasientreiser og Klinikk for Prehospitale tenester
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelor- eller mastergradsnivå
  • Kompetanse eller erfaring frå relevant fagfelt kan opne for at kandidatar utan bachelor- eller mastergradsutdanning kan verte vurdert
  • Utdanning og yrkeserfaring innan leiing, logistikk og/eller juss er ein fordel
  • Erfaring fra offentleg sektor, sakshandsaming og rettigheitsforvaltning er ein fordel
  • Kompetanse innan ressursstyring og arbeidstidsplanlegging
  • Erfaring med personvern og informasjonssikkerheit
  • God norsk munnleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Gode IKT-kunnskaper
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Sterke kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Nysgjerrig og engasjert, med evne til å forankre og drive fram endringar, samt kontinuerleg forbetre
  • Analytisk og systematisk, med evne til strategisk tenking og heilheitlege vurderingar
  • Omgjengeleg og serviceinnstilt, med evne til å skape samarbeid, samspel og gode relasjonar
  • God rolleforståing, respekt for formelle beslutningsprosessar med høg grad av lojalitet
  • Fleksibel, omstillingsdyktig og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta beslutningar under press
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Dyktige og motiverte medarbeidarar
  • Medverknad satt i system gjennom samarbeidsråd
  • Leiarfunksjonar for ein seksjon i spanande utvikling
  • Gode støttefunksjonar frå BHT, økonomi, HR, kommunikasjon
  •  Fridom under ansvar

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. 

Kontaktinformasjon

Tore Paulsen, Avdelingssjef, Tore.Paulsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsebøen 1
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4867993210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024

  • user

    Tittel

    Seksjonsleiar Pasientreiser

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje

 

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

  • user

    Tittel

    Seksjonsleiar Pasientreiser

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje

 

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    48599

  • Sist endret

    7. oktober 2024