Lonna logo
Lonna logo

Barnevernkonsulent

Vestre Slidre kommune

Slidrevegen 16, 2966 Slidre4 days siden

Barnevernkonsulent

Vestre Slidre kommune

Slidrevegen 16, 2966 Slidre4 days siden

Om stillingen

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har ledig fast stilling som barnevernkonsulent frå 01.01.2025.

Har du lyst til å vera med å utvikle tenesta vår? Då bør du nytte moglegheita til å søke no!

Opplysningar om arbeidsstaden og stillinga:
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 6,2 årsverk godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å bygge gode og skreddarsydde tiltak for barn, unge og familiar der dei bur, i tråd med ny oppvekstreform som trådde i kraft i 2022. Barnevernet har eit stort fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaming. Det leggjast stor vekt på tverrfagleg samarbeid innad og ut mot andre tenester.
Tenesta jobbar i hovudsak etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytte til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor en variert kvardag og bred erfaring som barnevernkonsulent.


Arbeidsoppgåver

  • Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak.
  • Dokumentasjon, vedtaksskriving og overhalding av fristar i tråd med lovverk.
  • Partsrepresentant i Fylkesnemnda og øvrige rettsinstanser.
  • Deltakelse i akuttarbeid i barneverntenesta.
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant utdanning på høgskule-eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
  • Det er ynskjeleg med påbegynt eller fullført masterutdanning eller annan relevant vidareutdanning.
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste.
  • Førerkort klasse B (Krav).

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som:

  • har god relasjonskompetanse
  • kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktører
  • er fleksibel og har høg arbeidskapasitet
  • har eit fagleg engasjement
  • er trygg, raus og har evne til å bruke humor og varme i fagutøvinga
  • vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
  • har ei grunnleggande positiv innstilling
 

Vi tilbyr

  • Kommunen legg til rette for at tilsette som ikkje oppfyller kompetansekravet som gjeld for tilsette i barneverntenesta frå 2031, får gjennomført vidareutdanning eller masterutdanning. 
  • Løn etter tariff. Som eit rekrutteringstiltak tilbyr vi minimum 8 års ansiennitet.
  • Ellers gjeld arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver.
  • Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø.
  • Moglegheit  for fagleg og personleg utvikling.

Kontaktinformasjon

Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no
Randi Stenberg, barnevernleiar, 97781956, randi.stenberg@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4868696566
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

  • user

    Tittel

    Barnevernkonsulent

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

  • user

    Tittel

    Barnevernkonsulent

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    48635

  • Sist endret

    7. oktober 2024