Lonna logo
Lonna logo

Er du vår neste sjukepleiar eller vernepleiar?

TSB poliklinikk, Stord DPS/BUP

Tysevegen 64, 5416 Stord4 days siden

Er du vår neste sjukepleiar eller vernepleiar?

TSB poliklinikk, Stord DPS/BUP

Tysevegen 64, 5416 Stord4 days siden

Om stillingen

Ved Tverrfagleg spesialisert rusbehehandling (TSB) har vi ledig 1 fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse. TSB skal sikre rask vurdering og psykisk helsehjelp til innbyggarane. Tiltak er prega av tverrfaglighet og aktivt samarbeid både internt og eksternt. Frå hausten 2020 har vårt ansvarsområde knytta til LAR pasientar blir utvida, og omfattar og LAR-utdeling for pasientar busett i Stord kommune. Vi har eit kompetent og lokalt forankra tverrfagleg samansett team, beståande av overlege, psykologspesialist, klinisk sosionom og psykiatriske sjukepleiarar.

Stord DPS er eit av tre DPS i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Opptaksområdet for DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. TSB er organisert under felles leiing saman med døgnpost for vaksne, allmennpoliklinikk for vaksne, FACT og allmennpoliklinikk for barn og unge (BUP). Vi er inne i ei tid med fokus på utvikling av tilbodet ved Stord DPS. Vi ønskjer at våre medarbeidarar skal ha god fagkompetanse på sitt område og vi legg til rette for vidare- og etterutdanning.


Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåve utdeling av LAR-medikament
  • Pasientoppfølging for LAR pasienter både poliklinisk og ambulant, som omfattar utgreiing, motivasjonsarbeid og behandlingsoppfølging
  • Behandlaransvar for pasientar som er i LAR behandling
  • Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
  • Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
  • Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer, interne/eksterne samarbeidspartnarar
  • Fokus på fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
  • Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering
  • Samarbeid med Interkommunal legevakt, førstelinjetenesta, NAV og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid, eller annan relevant vidareutdanning, er ein fordel men ikkje eit krav
  • Erfaring frå arbeid med rus / psykisk helse er ønskeleg
  • Gode norsk ferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Førarkort for bil
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring blir vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er fleksibel
  • har evne til å stå i krevande situasjonar
  • er ein god teamarbeidar
  • har gode kommunikasjonseevner

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

 

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Ranveig S. Hjelland, Funksjonsleiar, 41 80 04 79, ranveig.shevanti.hjelland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4867413987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    48733

  • Sist endret

    5. oktober 2024