Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar ved Hud poliklinikk Florø og Førde

Hud avdeling, Helse Førde

Hans Blomgate 39, 6900 Florø4 days siden

Sjukepleiar ved Hud poliklinikk Florø og Førde

Hud avdeling, Helse Førde

Hans Blomgate 39, 6900 Florø4 days siden

Om stillingen

Hudavdelinga har frå 01.12.2024 ledig 80% fast stilling som sjukepleiar.
Stillinga er ei kombistilling mellom Hud poliklinikk i Florø (60%) og Hud poliklinikk ved Førde sentralsjukehus (20%).

Hudavdelinga i Helse Førde har hovudpoliklinikken sin ved Førde Sentralsjukehus. Avdelinga har og fire desentraliserte einingar. Desse er plasserte ved Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, ved Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal og i Florø ved Sunnfjord Medisinske Senter. Poliklinikken i Florø driv i hovudsak med lysbehandling, såroppfølging og virtuell poliklinikk, og har kun 1 sjukepleiar i 60% stilling. Ein har alltid kollegaer å konferere med ved Hud poliklinikk i Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåve i Florø er å drifte lysbehandlingseininga
  • Bistå pasient og lege ved videokonsultasjonar
  • Sårbehandling
  • Allergitesting
  • I Førde rullerer sjukepleiarane på ulike arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå fagområdet og relevant vidareutdanning er positivt, men ikkje krav
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Omfattande opplæring
  • Fagleg utvikling gjennom kurs og internundervisning
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Trude Lindesteg, Seksjonsleiar, +47 57839362

Arbeidsstad

Hans Blomgate 39
6900 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4864861890
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.12.2024
Søknadsfrist: 20.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar ved Hud poliklinikk Florø og Førde

  • calendar

    Oppstart

    1. desember 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    48862

  • Sist endret

    5. oktober 2024