Lonna logo
Lonna logo

Lærar

Luster kommune Veitastrond oppvekstsenter

Veitastrondsvegen 2252, 6878 Veitastrond2 days siden

Lærar

Luster kommune Veitastrond oppvekstsenter

Veitastrondsvegen 2252, 6878 Veitastrond2 days siden

Om stillingen

Veitastrond oppvekstsenter er ein kombinert barnehage og skule som ligg idyllisk til ved enden av Veitastrondsvatnet. Oppvekstsenteret har ein unik plassering midt i bygda, omkransa av variert natur på alle kantar. Bygda har dei siste åra hatt ei svært positiv utvikling og ber preg av eit ungt, framtidsretta miljø med godt samhald på tvers av ulike aldersgrupper. 

 På skulen er det 19 elevar fordelt på 7 trinn, 4 lærarar og 1 SFO-tilsett. Med 19 elevar fordelt på 7 ulike trinn er tilpassa opplæring ein sentral del av skulekvardagen. Dette gjev rom for å skapa gode relasjonar mellom elevar på tvers av trinn, og mellom elev og lærar. Gjennom eit godt og framtidsretta samarbeid mellom barnehage og skule, skapar me ein glidande og trygg overgang frå barnehagebarn til skuleelev. 

 Visjonen vår er leik, omsorg og læring i ein trygg og aktiv kvardag. I dette ligg det at me har stort fokus på trivsel, og korleis me kan gjera dagane best mogleg for kvart einskild barn. Me er opptekne av fysisk aktivitet og glede over naturen og nærmiljøet, og er i gang med utviklingsarbeid på desse områda. 

Stillingsinformasjon

  • Ledig 62,5 % vikariat som lærar i perioden 25.10.2024-31.07.2025

 Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel med GLU 1.-7
  • Fagynskje: matte, engelsk, musikk, kunst og handverk
  • Gode skriftlege og munnlege dugleikar
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Tilsett må levere politiattest
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Veitastrond oppvekstsenter har 1.-7. trinn og SFO. Barnehagen er godkjent for 18 plassar for barn i alderen 0- 5 år. Barn under 3 år tek opp 2 plassar.
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Veitastrond oppvekstsenter har 1.-7. trinn og SFO. Barnehagen er godkjent for 18 plassar for barn i alderen 0- 5 år. Barn under 3 år tek opp 2 plassar.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49016

  • Sist endret

    7. oktober 2024