Lonna logo
Lonna logo

Kyrkjeverje

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Nedregata 54, 2640 Vinstra8 days siden

Kyrkjeverje

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Nedregata 54, 2640 Vinstra8 days siden

Om stillingen

Vi søkjer etter ny kyrkjeverje til ein spanande og innhaldsrik leiarstilling. Stillinga er ledig frå 1.1.2025. Kyrkjeverja er fellesrådet sin administrative leiar og skal bidra til å leie fellesrådets sitt strategi og utviklingsarbeid. Kyrkjeverja har ansvar for kyrkjas administrasjon og økonomi med investeringar, drift og vedlikehald av kyrkja sine eigendomar og leier fellesrådets tilsette.

Kyrkjeverja vil vera ein synleg representant for fellesrådet, og skal bidra til god kontakt og dialog med politiske og administrative offentlege og private aktørar, som kommunen, bispedømerådet og andre relevante organisasjonar. Vi har eit nært og godt samarbeid med kommunen, som og fører rekneskap og køyrer lønn for dei tilsette.

Fellesrådet forvaltar den kulturarven som kyrkjebygga er. Nord-Fron er inndelt i 4 sokn. Kyrkjene i sokna er tømra krosskyrkjer og rikt utsmykka med vakker treskurd. Sødorp kyrkje er frå 1752, Skåbu kyrkje frå 1927, Kvikne kyrkje frå 1764 og Kvam kyrkje frå 1952. Sødorp kapell er frå 1929, og Kvam kapell frå 1938. Det er kyrkjegardar rundt alle kyrkjene og rundt Sødorp kapell. Forvaltninga omfattar ansvar for kyrkjebygga, andre bygg og gravplassane. Folketalet i Nord-Fron kommune er omlag 5600, der omlag 81% er medlemar i Den norske kyrkja. Sokna har preg av typisk folkekyrkje.

Fellesrådet varetek administrative og økonomiske oppgåver for Den norske kyrkja sine sokn og er arbeidsgjevar for 8 tilsette. Dei tilsette er kyrkjeverje, sekretær,
kyrkjelydspedagog/diakon, fire kyrkjetenarar, kyrkjemusikar. I tillegg er det 2 sokneprestar som er tilsette i bispedømet. I alle sokna er det engasjerte friviljuge som
tek del i ansvar og oppgåver. Det er godt samarbeid mellom ansatte og friviljuge, og eit godt tverrfagleg samarbeid i staben.

Kyrkjekontoret ligg på Vinstra som er administrasjonssenter i Nord-Fron kommune. Kommunen har barnehagar, barneskular, ungdomsskule, vidaregåande skule og kulturskule, og butikkar som dekker dei fleste behov. Vinstra ligg sentralt i vakre Gudbrandsdalen med god kommunikasjon (E6 og jernbane.)

Næringslivet er prega av jord- og skogbruk, servicenæringar, turisme og noko småindustri. Det er eit rikt kulturliv i kommunen og gode forhold for variert idrett og friluftsliv.


Arbeidsoppgåver

  • Utøve dagleg leiing og forvaltning av fellesrådet si drift i samsvar med vedtekne planer, budsjett, gjeldande lover og forskrifter
  • Ansvar for å leia og motivere tilsette i fellesrådet
  • Gravplassmyndigheit for alle i kommunen
  • Sørge for god forvaltning og drift av kyrkjer og gravplassar
  • Vera saksbehandlar og sekretær for fellesrådet og andre utval.
  • Økonomistyring og budsjettansvar
  • Sikre finansiering av drifta og investeringsprogram gjennom aktiv forhandling om økonomiske rammer, og søke andre finansieringsløysingar der det er mogleg
  • Leie strategi- og utviklingsarbeidet for fellesrådet i samarbeid med sokneråda
  • Bidra til å skape gode relasjonar og samhandling med, og mellom, sokna og utval
  • Representere Fellesrådet mot kyrkjelege organ, lokalpolitikarar kommuneadministrasjon, media og andre.

Kvalifikasjonar

  • Økonomisk/administrativ utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå. Særskilt langvarig og relevant praksis med gode referansar kan kompensere for manglande relevant utdanning
  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå møteleiing, forhandlingar og andre utadretta verksemder.
  • Erfaring og gode ferdigheiter i bruk av dataverktøy.
  • God kjennskap til kyrkjeleg forvaltning og organisering
  • Engasjement for kyrkja sin visjon og målsetting
  • Medlem av Den norske kyrkja.
  • Den som blir tilsett må framlegge politiattest i samsvar med Tros- og livssynsloven § 20.
  • Ha førarkort og disponere bil.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og evne til organisering
  • Være trygg i rollen som leiar og ha god evne til å ta rette avgjerder, prioritere og gje attendemeldingar når det er nødvendig.
  • Oppnå tillit og gode relasjonar internt og eksternt
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Kunne vise evne og vilje til samarbeid
  • Strukturert og ryddig
  • Kunne arbeide godt sjølvstendig og i team med tilsette og friviljuge
  • Personleg eigenskap og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei variert og utfordrande leiarstilling med mange viktige oppgåver i eit spanande og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Forsikringsordning og pensjonsordning gjennom KLP
  • Gode digitale verktøy
  • Kollegaforum på regionalt, bispedømme- og landsnivå
  • Tilbod om kurs og opplæring innanfor aktuelle fagområde.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkarliste etter offentlegheitsloven § 25.

Kyrkjeverje, Grete Bakken kan kontaktast for informasjon om stillinga, telefon: 99 11 39 36/61 21 62 92

Kontaktinformasjon

Grete Bakken, Kyrkjeverje, 99 11 39 36 / 61 21 62 92

Arbeidssted

Nedregata 54
2640 Vinstra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 4869710745
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024

  • user

    Tittel

    Kyrkjeverje

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Ikke oppgitt

  • user

    Tittel

    Kyrkjeverje

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Ikke oppgitt

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49111

  • Sist endret

    7. oktober 2024