Lonna logo
Lonna logo

Medarbeidar i Preste- og samtaletenesta

Forskings- og utviklingsavdelingen, Helse Bergen

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen3 days siden

Medarbeidar i Preste- og samtaletenesta

Forskings- og utviklingsavdelingen, Helse Bergen

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen3 days siden

Om stillingen

Preste- og samtaletenesta har for tida tre sjukehusprestar og ein sjukehusdiakon i 100% stillingar. Vi har også ein sjukehusimam. Leiar og sekretær for sjukehuset sin kliniske etikkomite er også tilknytt seksjonen i høvesvis 50% og 20% stilling.
 
Helse Bergen behandlar pasientar innanfor somatikk, rusmedisin og psykisk helse, og Preste- og samtaletenesta bidrar innanfor alle desse fagområda.
 
Vi er tilgjengelege med døgnberedskap for pasientar, pårørande og sjukehuset sine medarbeidarar når dei treng oss. Vi møter menneske i ulike kriser og krevande livssituasjonar, noko som krev stor grad av sjølvstende og fleksibilitet mellom dei tilsette i tenesta.
 
Preste- og samtaletenesta samarbeider i ulike tverrfaglege forum med andre einingar i sjukehuset innan områder som beredskap/ krisehandtering, palliasjon, og klinisk etikk og klinisk kommunikasjon.
 
Vi har no ledig 100% fast stilling som medarbeidar i Preste- og samtaletenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Vere tilgjengeleg for samtalar om det pasientar eller pårørande ønsker å snakke om -uavhengig av livssyn
  • Møte pasientar og pårørande i krevande livssituasjonar med omsorg og støtte
  • Åndeleg/eksistensiell omsorg og kontekstuell ritualisering
  • Støtte sjukehuset sine medarbeidarar i ein krevande kvardag og ved alvorlege hendingar
  • Leie grupper og undervise innafor eige fagområde
  • Ta del i tverrfaglege samarbeidsforum med andre einingar på sjukehuset
  • Bidra til felles fagleg refleksjon og utvikling av Preste- og samtaletenesta i sjukehuset
  • Arbeide i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakter 

Kvalifikasjonar

  • Teolog, livssynsfagi eller anna relevant utdanning på masternivå
  • Erfaring i å møte menneske i krevande livssituasjonar
  • Pastoralklinisk eller anna relevant utdanning er ønskeleg (t.d. innan krisehandtering, rettleiing, psykoterapi)
  • Erfaring frå samarbeid med institusjonar innan helse og omsorg er ønskeleg
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid i sjukehus/institusjon er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Du kjenner omsorg for og vil støtte menneske i vanskelege livssituasjonar
  • Du er livssynsopen og interessert i andre sine liv, tankar og tolkingar
  • Du har evne til å forstå og orientere deg i komplekse organisasjonar
  • Du er trygg på eigen kompetanse og får til å samarbeide godt med andre faggrupper
  • Du ønsker å arbeide med og i relasjonar, til andre, til deg sjølv og til livet
  • Du har vilje til å arbeide med eksistensielle tema, fagleg og i eige liv
  • Du toler å stå i både uventa og krevjande situasjonar og du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre når det er “høg temperatur”
  • Du er godt kjent med og kan ivareta deg sjølv
  • Du er støtte for dine kollegaer og kan sjølv ta imot støtte

 
Personlege eigenskapar og samansetting av teamet blir vektlagde 

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande, variert, meiningsfylt og berikande arbeid i ein tverrfagleg kontekst
  • Arbeid i ein stor organisasjon med høgt fagleg nivå
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Rettleiing og vidareutvikling
  • Eit godt kollegafellesskap

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Liv Ingrid Svela, Seksjonsleiar, 41601297, liv.ingrid.svela@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4868889360
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024

  • user

    Tittel

    Medarbeidar i Preste- og samtaletenesta

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

  • user

    Tittel

    Medarbeidar i Preste- og samtaletenesta

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49166

  • Sist endret

    8. oktober 2024