Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar smittevern

Sogndal kommune Helsestasjon

6863 Leikanger4 days siden

Sjukepleiar smittevern

Sogndal kommune Helsestasjon

6863 Leikanger4 days siden

Om stillingen

Sognefjord asylmottak skal etablerast på Leikanger i Sogndal kommune i oktober 2024. Asylsøkjarar har same rett til helsehjelp som andre innbyggarar, og kommunen har ansvar for at dei som oppheld seg i kommunen får helsehjelp.  

Det vert stilt krav til obligatorisk tuberkuloseundersøking for asylsøkjarar som kjem frå land med høg førekomst. I tillegg skal det vera eit tilbod om ein helsekartlegging og vaksinering innan tre månader etter innreise til Norge.  

 

Med bakgrunn i dette har helsestasjon behov for å styrke ressursane knytt til smittevernarbeid og har difor ledig 60% mellombels sjukepleiarstilling.  

 

Arbeidsoppgåver: 

 

  • Smittevern til asylsøkjarar 

  • Tilbod om 1.helseundersøking  

  • Tuberkulosekartlegging 

  • Samarbeid med mottak og smittevernlege 

  • Tilbod om oppvaksinering 

  • Journalføring og handtering av mottak og sending av helseopplysningar 

  • Tverrfagleg samarbeid  

 

Arbeidsstad:  

 

  • Sogndal helsestasjon avd. Leikanger 

 

Oppstart i stillinga: 

 

  • Snarleg, etter avtale 

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha: 

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 

 

Personlege eigenskapar: 

 

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter 

  • Strukturert og sjølvstendig samstundes som du er ein god lagspelar 

  • Fleksibel og tilpassingsdyktig i høve oppgåver 

  • Fagleg dyktig og engasjert 

  • Omstillingsdyktig og løysingsorientert 

  • Positiv og omgjengeleg 

  • Høg arbeidskapasitet 

  • Påliteleg og lojal 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.  

Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. 

 

Vi tilbyr: 

  • Ein spanande og meiningsfylt arbeidskvardag der ingen dagar er like 

  • Ein spanande jobb i eit arbeidsmiljø der alle skal trivast 

  • Dagarbeid 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49300

  • Sist endret

    8. oktober 2024