Lonna logo
Lonna logo

Selje/Hasletunet , Volda Omsorgssenter har 100 % fast og eit 100 % vikariat ledig for sjukepleiar 

Volda kommune, Institusjonsteneste

Barstadmarka 2, 6100 Volda6 months siden

Selje/Hasletunet , Volda Omsorgssenter har 100 % fast og eit 100 % vikariat ledig for sjukepleiar 

Volda kommune, Institusjonsteneste

Barstadmarka 2, 6100 Volda6 months siden

Om stillingen

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Autorisert vernepleiar kan og søke. Autoriser helsefagarbeidar kan søke på vikariatet. 

Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.

Vi har ledig  ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat for sjukepleiar  på langtidsavdeling for demente på Volda Omsorgssenter, vi har eit ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring

Arbeidsoppgåver

Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
Omsorg ved livets slutt.
Tett pårørande samarbeid.
Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
Fokus på aktivitet og sosialisering.

Kvalifikasjonar

Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
Det skal leggast fram tilfredsstillande  politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA. 

Personlege eigenskapar

Du  er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. 
Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
Du har lyst til å bidra til utvikling. 
Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
Personleg eignaheit vil verte vektlagt.  

Vi tilbyr

Lønn og arbeidsvilkår etter avtale 
Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
Engasjerte og hyggelege kollegaer.
Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
Regelmessig internundervisning.
Gode pensjons og forsikringsordningar.   

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Merve Ekip, Seksjonsleiar Selje-/Hasletunet, 96014461, merve.ekip@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4793773957
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Selje/Hasletunet, Volda Omsorgssenter har ledig 100 % fast og 100 % vikariat for sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet.  Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og  Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda er ein ny kommune som frå 01.01.2020 vart eit resultat av samanslåing av tidlegare Volda og Hornindal kommunar.

I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49330

  • Sist endret

    7. oktober 2024