Lonna logo
Lonna logo

Otta-/Karvestova,Volda Omsorgssenter har fleire faste 100 % st for sjukepleiarar/vernepleiarar

Volda kommune, Institusjonsteneste

Barstadmarka 2, 6100 Volda6 months siden

Otta-/Karvestova,Volda Omsorgssenter har fleire faste 100 % st for sjukepleiarar/vernepleiarar

Volda kommune, Institusjonsteneste

Barstadmarka 2, 6100 Volda6 months siden

Om stillingen

Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Autorisert vernepleiar kan og søke.

Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande. 

Vi har ledig  fast 3 X 100 % stilling på somatisk langtidsavdeling, ved Volda Omsorgssenter, vi har eit  ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring. 

Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet.
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem.
  • Medikamenthandtering og medisinske prosedyrar.
  • Omsorg ved livets slutt.
  • Tett pårørande samarbeid.
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
  • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet"
  • Fokus på aktivitet og sosialisering.

Kvalifikasjonar

  • Du er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, oppgje HPR nr i søknaden.
  • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team.
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (helst Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål. 
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande  politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga.
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA. 

Personlege eigenskapar

  • Du  er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar.
  • Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum.
  • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. 
  • Du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer.
  • Du har lyst til å bidra til utvikling. 
  • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen.
  • Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens.
  • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim".
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt.  

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale 
  • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass.
  • Engasjerte og hyggelege kollegaer.
  • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Gode pensjons og forsikringsordningar.   

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjonstenester, 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no
Kwan Brudevoll Salvesson, Seksjonsleiar Otta-/Karvestova , 94139817, kwan.brudevoll.salvesson@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4793763099
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Otta-/Karvestova,Volda Omsorgssenter har fast 3 X 100 % st for sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    3

Om bedriften

Volda kommune er den nest største kommunen på Søre Sunnmøre og den sjette største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med overkant av 10.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spannande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49331

  • Sist endret

    7. oktober 2024