Lonna logo
Lonna logo

Er du helsefagarbeider/hjelpepleier og ønskjer å jobbe nattevakt?

Døgnpost Folgefonn DPS, Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen3 days siden

Er du helsefagarbeider/hjelpepleier og ønskjer å jobbe nattevakt?

Døgnpost Folgefonn DPS, Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen3 days siden

Om stillingen

Vi søkjer etter helsefagarbeider/hjelpepleier som ønskjer å ta på seg rolla som nattevakt. 

Folgefonn DPS er ein integrert del av klinikken for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Med ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i Kvinnherad og Ullensvang, dekkjer Folgefonn DPS eit befolkningsgrunnlag på om lag 20 000 vaksne innbyggjarar. For tida har vi 12 døgnplassar, fordelt mellom våre psykose- og allmennpsykiatriske team på Valen.

Er du klar for å ta steget og bli ein del av vårt team? Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutiske oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging av pasienten individuelt
  • Dokumentasjon og oppfølging av behandlingsplaner

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeider/hjelpepleier
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Nattevakturnus med arbeidshelg kvar 3. helg 


Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tove Ødegard, Funksjonsleiar, +47 53466481

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4869750927
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 28.10.2024

  • user

    Tittel

    Helsefagarbeider/hjelpepleier

  • calendar

    Oppstart

    3. februar 2025

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Helsefagarbeider/hjelpepleier

  • calendar

    Oppstart

    3. februar 2025

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49403

  • Sist endret

    8. oktober 2024