Lonna logo
Lonna logo

Avdelingsleiar

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os8 days siden

Avdelingsleiar

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os8 days siden

Om stillingen

Tilrettelagte teneste, v/Bjørnefjorden bufellesskap, har, frå snarast, ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar.

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består 9 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning for born og unge.

Arbeidsstad: 
Bjørnefjorden bufellesskap er eit bufellesskap med, for tida, oppfølging av 12 vaksne tenestemottakarar med ulikt bistandsbehov. Bufellesskapet ligg i naturskjønne omgjevnader nær Os sentrum.

Du som avdelingsleiar vil ha ei viktig rolle i å etablere og vidareutvikle avdelinga. Stillinga som avdelingsleiar er på dagtid og stillinga si næraste organisatoriske plassering er einingsleiar

Funksjon / ansvarsområde:
Avdelingsleiar skal, saman med einingsleiar, vere med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og  organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast.

Saman med leiargruppa har avdelingsleiar ansvar for  effektiv og forsvarleg drift av tenestene i heile eininga. Dette gjeld mellom anna ved ferieavvikling, sjukdom  og andre variasjonar gjennom året.

Arbeidsoppgåver:

  • Drifte avdelinga i samsvar med Bjørnafjorden kommune sine verdiar og målsetjingar
  • Sørgje for ansvarleg drift innafor gitt budsjett
  • Turnus og turnusarbeid
  • Sørgje for at det vert gjeve tenester som er fagleg og etisk forsvarleg
  • Ansvar for dagleg drift, bemanning og timelister
  • Personalansvar
  • Samarbeid med ulike samarbeidspartnarar
  • Sørge for forsvarleg dokumentasjon i samsvar med retningslinjer
  • Oppfølging av HMS arbeid
  • Andre praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse, sosialfagleg eller pedagogisk bachelor utdanning
  • Brei erfaring i arbeid med brukargruppa
  • Vidareutdanning i leiing samt leiarerfaring er ønskjeleg
  • Kompetanse knytt til drift av bufellesskap vil være ein fordel
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Eigenskapar:
Vi søkjer deg som har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn

  • Har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
  • Har svært god evne til å planlegge, ha oversikt, organisere, koordinere og delegere oppgåver
  • Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
  • Skaper gode relasjonar internt og eksternt og har evne til samarbeid
  • Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Ved intern rekruttering kan anna stilling i eininga verta ledig.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49451

  • Sist endret

    8. oktober 2024