Lonna logo
Lonna logo

Ringevikar

Bokn kommune Bokn barnehage

Boknatunvegen 31, 5561 Bokn5 days siden

Ringevikar

Bokn kommune Bokn barnehage

Boknatunvegen 31, 5561 Bokn5 days siden

Om stillingen

Ringevikar til Bokn barnehage 2024


Me søkjer ringevikarar for assistentar og fagarbeidarar som kan komme på kort varsel og tre inn i den daglege drifta i barnehagen.

Om arbeidsstaden:
Bokn kommune har ein barnehage. Barnehagen har i dag om lag 43 barn og 14 tilsette.
Me tar imot barn i alderen 6 mnd til 6 år. I barnehagen jobbar me med språkutvikling og etter verdiane i Læringsmiljøsenterets program «Være samen.» Vi har også fokus på eit inkluderande leikemiljø for alle som skal ha det trygt og godt i barnehagen. Me er mykje ute i naturen og er opptekne av miljø og berekraftig utvikling. Barnehagen ligg med kort veg til ulike naturområde og tenkjer natur og miljø i det daglege. Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, lang erfaring og brei kompetanse.

Arbeidsoppgåver i stillinga:
Me søkjer ringevikarar for assistentar og fagarbeidarar som kan komme på kort varsel og tre inn i den daglege drifta i barnehagen. Me sett høgt at du er trygg, varm, utadvent og god til å skape relasjonar med borna. Vidare inneber det å vere vikar at du er god til å «ta ting på sparket» og trå inn i alle typar oppgåver utan å få særleg tid til å førebu deg. Du vil vere ein del av personalgruppa og delta i dagleg aktivitet. Me ser etter deg med gode samarbeidsevne og at du kan ta imot rettleiing frå øvrige tilsette. Dersom du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er positivt, men ikkje påkravd. Me er mykje ute og det er noko du og må like.

Personleg eigenskapar:
Sjølvstendig, initiativrik, kreativ og leiken.
Strukturert og ryddig.
Fleksibel, samarbeidsvillig og har eit positivt menneskesyn.

Arbeidsgjevar tilbyr:
Løn etter tariffavtale.
Medlemsskap i offentleg pensjonsordning.

Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt elektronisk rekrutteringssystem www.bokn.kommune.no «ledige stillingar» attestar og vitnemål treng ikkje leggast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Søknadsfrist: 04.11.24                    utlyst dato: 07.10.24

Kontaktperson:
Kate Åse Helgø, Styrar, tlf: 48 25 44 28 kate.aase.helgo@bokn.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Annet

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn, og 11 tilsette. Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen tilbyr full kost. Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøybarnehagane. Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være saman".
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Annet

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn, og 11 tilsette. Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen tilbyr full kost. Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøybarnehagane. Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være saman".

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49501

  • Sist endret

    8. oktober 2024