Lonna logo
Lonna logo

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Skeismyra 2, 5217 Hagavik5 days siden

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Skeismyra 2, 5217 Hagavik5 days siden

Om stillingen

Ved Nore Neset barneskule har vi ledig fast 89% stilling som vernepleiar frå 01.01.2025.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø. Vi søker ein engasjert vernepleiar til Nore Neset barneskule som skal arbeide med oppfølging av enkeltbarn og med elevgrupper. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2024-25 har skulen 311 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring og at dei skal bli møtt med respekt og omsorg. Saman med føresette lagar vi gode rammer rundt barna.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no 

Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging og oppfølging av elevar med spesielle behov
- Samarbeid med pedagogar og andre fagpersonar for å sikre eit godt læringsmiljø
- Bidra til utvikling av individuelle opplæringsplanar (IOP)
- Delta i tverrfagleg team og samarbeid med PPT
- Dialog og samarbeid med føresette
- Være ein støtteperson for elevar i kvardagen, både fagleg og sosialt
- Førebygge og handtere utfordrande åtferd på ein profesjonell måte
- Oppfølging av enkeltbarn både i skule og på SFO

Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil seie at du må kunne vise til «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning». God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vere ein relasjonsbyggjar og du er ein trygg og raus person i møte med elevar med særskilde behov. Vi søkjer deg som har kunnskap om utviklingsforstyrringar, åtferdsvanskar og korleis tilrettelegge for gode læringsmiljø. Erfaring frå arbeid med barn og unge gjerne i skulesamanheng er ein fordel. Vi vektlegg gode samarbeidsevner og at du er løysingsorientert og fleksibel. Du må ha god digital kompetanse. Søkarane vil bli vurderte i høve til kvalifikasjon, personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

 Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Vernepleiar ved Nore Neset barneskule

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • user

    Tittel

    Vernepleiar ved Nore Neset barneskule

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49718

  • Sist endret

    8. oktober 2024