Lonna logo
Lonna logo

100% stilling som vernepleiar / sjukepleiar, langvakter og arbeid kvar 4.helg ved Tenester for funksjonshemma

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Opheimsgata 31, 5750 Odda9 days siden

100% stilling som vernepleiar / sjukepleiar, langvakter og arbeid kvar 4.helg ved Tenester for funksjonshemma

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Opheimsgata 31, 5750 Odda9 days siden

Om stillingen

100% fast stilling for vernepleiar/sjukepleier , langvakter og arbeid kvar 4.helg ved Tenesta for funksjonshemma, avd. Kinsarvik 

 

Om oss:

Bråto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me driv også avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad. 

Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe med faglege utfordringar. Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid

  • Legemiddelhandtering

  • Veiledningsansvar

  • Samarbeid med pårørande

  • Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med leiar

  • Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta

  • Turnusen inneber langvakter med arbeid kvar 4. helg

 

Kvalifikasjoner:

  • Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant høgskule/universitets-utdanning vil og verte vurderte

  • Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar

  • Du har ei positiv tilnærming, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet

  • Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet. Interesse for musikk er eit pluss.

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar

  • Du må vere personleg eigna


Me tilbyr:

  • For vernepleiar/ sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.

  • I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar:

  • Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.-

  • Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-

  • Vi er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.

  • Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø

  • Opplæring og rettleiing, og ei arbeidstid som inneheld fagtid. 

  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 


Krav:

  • Politiattest

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49721

  • Sist endret

    8. oktober 2024