Lonna logo
Lonna logo

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Skeismyra 2, 5217 Hagavik5 days siden

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Skeismyra 2, 5217 Hagavik5 days siden

Om stillingen

Ved Nore Neset barneskule har vi ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.01.2025.

Har du lyst til å vere med å leie skulen vår? Vi søker deg som vil vere med å bidra til eit godt læringsmiljø og gode resultat for skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsstad Nore Neset barneskule
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2024-25 har skulen 311 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring og at dei skal bli møtt med respekt og omsorg. Saman med føresette lagar vi gode rammer rundt barna.

Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no 

Arbeidsoppgåver

- Pedagogisk leiing og personalansvar
- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
- Dialog med føresette
- Oppfølging SFO kan bli del av arbeidsoppgåvene
- Samarbeide med PPT og delta i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
- Vere del av skulen og kommunen sine leiarteam

Kvalifikasjonar
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for ungdomstrinnet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.
Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»
­- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
Det er ønskeleg med leiarkompetanse som er relevant for stillinga.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg leiar som bidreg til inkludering og til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Vi vektlegg gode samarbeidsevner og ønsker tilsette med god fagleg kompetanse. Du må vere løysingsorientert, fleksibel og kunne delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Du må ha god digital kompetanse.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Avdelingsleiar ved Nore Neset barneskule

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Ikke oppgitt

  • user

    Tittel

    Avdelingsleiar ved Nore Neset barneskule

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Ikke oppgitt

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49732

  • Sist endret

    8. oktober 2024