Lonna logo
Lonna logo

Pleiemedarbeidar 2 x 70 % stilling

Heimetenester, Ørsta kommune

Rådhuset, 6153 Ørsta5 days siden

Pleiemedarbeidar 2 x 70 % stilling

Heimetenester, Ørsta kommune

Rådhuset, 6153 Ørsta5 days siden

Om stillingen

Ved Heimetenester sentrum er det ledig 2 stillingar i 70 % stilling som pleiemedarbeidar. Vi søkjer deg som kan jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men også i team med gode kollegaer på laget. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte med vakter både kvardag og helg. 

Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre gode tenester heile året. 


Arbeidsoppgåver

  • Utøving av helsetenester til mottakarar av heimetenester   
  • Praktiske arbeidsoppgåver i brukar sin heim  
  • Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
  • Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeid
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må nytte digitale fagsystem 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, løysingsorientert og søkjer ny kunnskap 
  • Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø, der du må kunne omstille deg raskt
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.  Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

 

Arbeidsvilkår: Dag/kveld  inkl. helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6583 pleiemedarbeidar

Stillinga kan ikkje delast.

Tilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Nina Ulstein, Avd.leiar heimetenester vest, 95360759, nina.ulstein@orsta.kommune.no
Laila Bjørkedal, Avd.leiar heimetenester aust, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhuset
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4865762185
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 25.10.2024

  • user

    Tittel

    Pleiemedarbeidar

  • calendar

    Oppstart

    1. oktober 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

  • user

    Tittel

    Pleiemedarbeidar

  • calendar

    Oppstart

    1. oktober 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    49783

  • Sist endret

    9. oktober 2024