Bli ein del av vårt engasjerte team - Sjukepleiar til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter
Rådhusplassen 30, 5580 Ølen10 days siden
Bli ein del av vårt engasjerte team - Sjukepleiar til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter
Rådhusplassen 30, 5580 Ølen10 days siden
kr 156 - 250
Per time
kr 25 000 - 40 000
Per måned
kr 300 000 - 480 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Om stillingen
Er du ein sjukepleiar som ønsker å gjer ein forskjell i kvardagen til bebuarane våre? Hos Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø, med direkte påverknad på livskvaliteten til bebuarane våre. Me har ledig faste 80-100% stillingar som sjukepleiar, med turnus enten dag/kveld eller natt, og me ønsker deg som ein del av vårt team.
Om Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter:
Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 14 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 32 plassar. Ølen omsorgssenter har 14 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdelinga.
Frå februar 2025 startar begge arbeidsstadar med ny årsturnus. Hos oss vil me ha det høgt under taket, og med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Du kan sjekka ut Facebooksidene våras (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter), om du har lyst til å bli litt betre kjent med oss.
Kva får du jobba med hos oss?
- Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu!
- Sjukepleiefaglege oppgåver; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisinar, pårørandekontakt, legekontakt.
- Palliasjon
- Rettleiing av og tverrfagleg samarbeid med kollegaer og studentar.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling av tenestene våre.
- Vera med å bygge sjukepleiarteam for betre teneste, samhandling, kollegaskap og arbeidsmiljø!
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
- Sjukepleiarar på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter får tilbod om lønn som er kr. 25.000,- (dag/kveld) og kr. 40.000,- (natt) over garantilønn i KS-områdets tariffavtale.
- Med relevant vidareutdanning på minst 60 studiepoeng, vil me vurdera å gi stillingskode som spesialsjukepleiar.
- Ved anna relevant vidareutdanning kan det vurderast å gi kompetansetillegg. 60 studiepoeng kan gi kr. 20.000,- i kompetansetillegg.
- Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
- Kompensasjon om du er veiledar til student.
- Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Stillingskode som spesialsjukepleiar krev relevant vidareutdanning på minimum 60 studiepoeng.
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Me tenker at du:
- Er framoverlent og leitar etter rette tiltak for å gi gode tenester til bebuarane - bebuaren kjem først!
- Har eit ønske om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert.
- Likar å finne nye måtar å arbeide på!
- Evner å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Trivest med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingane.
- Set pris på og arbeidar for eit godt miljø med stort samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Tittel
Sjukepleiar
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om bedriften
kr 156 - 250
Per time
kr 25 000 - 40 000
Per måned
kr 300 000 - 480 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Tittel
Sjukepleiar
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
70755
Sist endret
20. desember 2024