Avdelingsleiar 100% fast stilling
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven20 days siden
Avdelingsleiar 100% fast stilling
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven20 days siden
Om stillingen
Vi lyser ut ei spanande leiarstilling med utviklingsmoglegheiter. Har du gode leiareigenskapar? Er du ein motivator og har evne til å sjå folk rundt deg?
Då kan dette vere stillinga for deg!
Avdeling Barne- og avlastningtenestene ligg under Bu- og Rehabiliteringstenestene. Eininga har fire avdelingar, i tillegg til barne- og avlastningstenestene er det to avdelingar som yt tenester og har butilbod til vaksne, og avdeling for psykisk helse- og rus. Barne- og avlastningstenestene yt tenester til born og unge med ulike funksjonsvariasjonar. Formålet er å gje borna god omsorg, opplæring og tilrettelegging i dagleglivets gjeremål.
Vi har fokus på kompetanse og har det einskilde barnet i fokus. Det vert lagt vekt på brukarmedverknad og godt samarbeid med foresatte ut frå den enkelte sitt behov.
Dette er ei teneste i utvikling og du får vere med på å utvikle det framtidige tenestetilbodet. Frå juni neste år står ny barne - og avlastningsbustad klar, og vi flyttar inn i totalrenoverte lokaler! Ein stor del av tenestene vert lokalisert der. I tillegg til barne- og avlastningsbustader vil du ha ansvar for støttekontakt,avlastning avlastningstilbod før- og etter skuletid for born/unge i ungdomskulealder og oppover.
Arbeidsoppgåver
- Du har delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga
- Samhandling med andre verksemder innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne
- Samarbeidspartnarar er eit viktig ansvarsområde.
- Opparbeide og vidareutvikle eit godt samarbeidsmiljø med tilsette, brukarar og pårørande
- Opparbeide og vidareutvikle faget, med eit stabilt fagmiljø der kompetanseutvikling har fokus
- Utvikle ein lærande organisasjon med fokus på forbetringsarbeid
- Du er aktiv i kvalitetsarbeid, internkontroll og utvikling av tenestene
- Du er med på å sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer
- Turnusarbeid og turnusplanlegging
- Du inngår i leiargruppa med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar
- Du har rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar. Andre med relevant helse og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning kan òg søkje.
- Ynskjeleg relevant vidareutdanning innan leiing eller anna relevant vidareutdanning
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring /forståing for avtaleverket derav forståing/erfaring frå trepartsamarbeid med verneombod og tillitsvalde.
- Du har god økonomiforståing og god forståing for leiarrollen
- Du har god kjennskap til lovverket vi yt tenester etter
- God kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ein avdelingsleiar som har tydelege leiareigenskapar, er sjølvstendig og målretta
- Du bidreg til god dialog med avdelinga sine tilsette, brukarar og deira pårørande
- Du er resultat og utviklingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne
- Du er strukturert, lojal og fleksibel
- Du har evne til å stå i krevjande situasjoner over tid
- Du ser verdien av innvolvering og gode prosessar
- Førarkort klasse B
Personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
- Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter kommunale betingelser
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låne- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.noArbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4898194638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2025
Tittel
Avdelingsleiar 100% fast stilling
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Tittel
Avdelingsleiar 100% fast stilling
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
71246
Sist endret
4. januar 2025