Økonomirådgjevar
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen8 days siden
Økonomirådgjevar
Universitetet i Bergen
Allegaten 41, 5007 Bergen8 days siden
kr 348 - 401
Per time
kr 55 833 - 64 166
Per måned
kr 670 000 - 770 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Om stillingen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wØkonomirådgjevar
I fakultetsadministrasjonen ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er det ledig ei stilling som økonomirådgjevar.
Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner.
Økonomiseksjonen ved MN-fakultetet har om lag 25 høgt utdanna medarbeidarar som sit samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere økonomitenestar og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.
Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande miljø og få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet. Du rapporterer til seksjonssjef.
Arbeidsoppgåver:
Døme på arbeidsoppgåver for ein økonomirådgjevar:
- Budsjettering og oppfølging/analyse av budsjett og rekneskap.
- Oppretting, oppfølging og avslutting av prosjekter.
- Rapportering til instituttleiing, prosjektleiar, finansieringskjelder og andre.
- Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål.
- Sakshandsaming
- Kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar og arbeidsmetodar.
- Bidra til å styrke det administrative samarbeidet internt på fakultetet og med institutta.
Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga som økonomirådgjevar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
- Søkjarar bør ha utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen, eller relevant utdanning på bachelornivå med gode resultat og lengre relevant praksis. Nyutdanna på masternivå kan óg vurderast.
- God administrativ IT-kompetanse, særskilt innan Excel er ein føresetnad.
- Relevant erfaring med prosjektarbeid er ein føremon.
- Kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning/forvaltning er ein føremon.
- Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som
- Er fleksibel, strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne.
- Har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde.
- Er initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
- Er serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert.
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årslønn mellom kr 670 000 og kr 770 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Kompetanse- og karriereutvikling med eit allsidig kurstilbod innan økonomi og prosjektadministrasjon.
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for noko heimekontor.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til kontorsjef Hanne Litleskare Hammer telefon 55 58 27 62 / e-post hanne.litleskare.hammer@uib.no eller seksjonssjef Trine Gravdal Lie telefon 55 58 26 80 / e-post trine.lie@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Tittel
Økonomirådgjevar
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
kr 348 - 401
Per time
kr 55 833 - 64 166
Per måned
kr 670 000 - 770 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Tittel
Økonomirådgjevar
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
71361
Sist endret
20. desember 2024