Trainee: Programmerar
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger7 days siden
Trainee: Programmerar
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger7 days siden
kr 260 - 322
Per time
kr 41 666 - 51 666
Per måned
kr 500 000 - 620 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Om stillingen
Om stillinga
Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar som mellom anna ID-porten og MinID. Framover skal vi gjera våre løysingar endå betre, samtidig som vi skal utforske alt det nye som kjem med EU sin eIDAS-lovgivning og EU-lommebok.
Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det!
No ser vi etter deg som er nysgjerrig og utforskande i teknologifaget.
Som trainee vil du bli kjent med og bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av heile landets befolkning – løysingar som vårt samfunn er avhengig av. Rolla di i eit av våre team vil bli definert ut frå dine kunnskapar, interesserer og våre pågåande prosjekt. I direktoratet er det eit stort utviklingsmiljø med fagleg tyngde, spisskompetanse og stort spenn i arbeidsoppgåver, noko som gir gode sjansar for å lære mykje og utvikle seg. No ser vi etter ein trainee som vil bidra til utvikling av løysingar som blir brukt av dei viktigaste kundane: meg og deg.
Kven er du?
Du har bachelor, master eller fagskuleutdanning innan IT med 0 - 3 års arbeidserfaring etter studiar.Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis det kan nyttast i våre løysingar. Me vil ha med oss folk som kan noko – og vil noko! Me jobbar mest med React i frontend og Java i backend, og det er derfor ein fordel om du har erfaring med det. Krav til norskkunnskap: B1
Som trainee i Digdir får du
- løn i spennet kr 500 000 - kr 620 000 etter kvalifikasjonar
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving innanfor eit av Noregs mest spennande kompetansemiljø
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman med dedikerte kollegaar
- treningsrom og høve til trening i arbeidstida
- arbeidsstad i våre lokale på Leikanger
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
- fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.
Kvifor Digdir?
I traineestillinga får du sjansen til å kombinere faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid. Det gir deg fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen!
Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.
Framtidsfylket traineeprogram
Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland. Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august til august.
Slik søkjer du
Søknad med CV sendast via framtidsfylket.no, seinast innan 1. mars 2025.
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne:
Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 911 46 279
Tittel
Trainee: Programmerar
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Trainee
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
kr 260 - 322
Per time
kr 41 666 - 51 666
Per måned
kr 500 000 - 620 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Tittel
Trainee: Programmerar
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Trainee
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 400 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
71458
Sist endret
20. desember 2024