Lonna logo
Lonna logo

Administrasjonssjef ved Geofysisk institutt

Universitetet i Bergen

Allégaten 70, 5007 Bergen3 days siden

Administrasjonssjef ved Geofysisk institutt

Universitetet i Bergen

Allégaten 70, 5007 Bergen3 days siden

Clock

kr 388 - 414

Per time

Clock

kr 62 083 - 66 383

Per måned

Clock

kr 745 000 - 796 600

Per år

Oppsummert av KI. .

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Administrasjonssjef 

Er du klar for ei utfordrande og spennande leiarrolle ved UiB? Ved Geofysisk institutt har vi ledig stilling som administrasjonssjef frå medio februar 2025.
 

Om instituttet
Geofysisk institutt er eitt av sju institutt ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategiske satsingar er marin, klima og energi, og Geofysisk institutt speler ei sentral rolle i desse.

Hovudoppgåver ved instituttet er utdanning og forsking innan klimadynamikk, meteorologi, fysisk og kjemisk oseanografi og havvindenergi. Instituttet er også sentralt i Bjerknessenteret for klimaforsking. Instituttet har stor aktivitet i polare strok, og er tildelt vertskap og ansvar for Bergen Offshore Wind Center.

Instituttet har for tida 22 vitskaplege stillingar, 22 tekniske og administrative stillingar og totalt 125 tilsette. I studieprogramma har instituttet om lag 275 studentar på bachelor- og masterprogram i meteorologi og oseanografi og 5-årig integrert masterprogram i energi (siv.ing.), og 50 er tatt opp til ph.d.- utdanning ved instituttet. Geofysisk institutt disponerer vel 50 millionar over universitetets grunnbudsjett i 2024, i tillegg er det ei ekstern portefølje på om lag 80 millionar kroner.


Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som administrasjonssjef vil du ha eit breitt ansvarsområde og med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Du inngår i instituttet si leiargruppe og rapporterer til instituttleiar. Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å:

  • leie administrasjonen og ha personalansvar for dei teknisk/administrativt tilsette.
  • utvikle dei administrative tenestene og implementere og fylgje opp prosedyrar og rutinar i samsvar med retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet.
  • saman med instituttleiar ha ansvar for økonomistyring, ressursdisponering og arealforvaltning
  • ha oversikt personalressursar og rekrutteringsbehov ved instituttet
  • gje støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål.
  • saman med instituttleiar ivareta arbeidsgjevaransvaret.
  • koordinere HR- og økonomitenester, prosjektoppfølging og anna arbeid knytt til den eksternt finansierte forskingsaktiviteten ved instituttet.
  • saman med instituttleiar vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet ved instituttet og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret.

Du må vere budd på at det kan skje endringar i ansvars - og arbeidsoppgåver over tid.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

       Kvalifikasjonar
       Vi ser etter deg som har:

  • gode leiarkvalitetar og interesse for leiing, relevant erfaring og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold
  • utdanning på masternivå eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd gjennom lang, relevant praksis og/eller etter- og vidareutdanning
  • forståing og interesse for offentleg sektor og universitetets samfunnsoppdrag
  • erfaring frå administrasjon og tyngre utgreiingsoppgåver og forståing for økonomistyring
  • erfaring frå personalleiing er ein fordel
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • god administrativ IT-kompetanse
  • evne og vilje til å bruke nye digitale verktøy og arbeidsmetodikk

    Personlege eigenskapar
    Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane. Vi ønskjer ein administrasjonssjef som:

  • har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av gode evner samarbeid og dialog
  • tar initiativ, stimulerer til endringar og skaper engasjement
  • har god organisasjonsforståing og evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • har evne til å leie og arbeide målretta, med god framdrift og gode resultat
  • har stor arbeidskapasitet, er analytisk, finn løysingar og arbeider effektivt, strukturert og kvalitetsbevisst

        Vitnemål og attestar skal lastast opp i Jobbnorge saman med søknaden.


Vi tilbyr

  • utfordrande og utviklande arbeids- og leiaroppgåver i eit aktivt, godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • samarbeid med dyktige kollegaer
  • deltaking i leiarnettverk ved fakultetet og UiB
  • stilling som administrasjonssjef (kode 1058) og brutto årsløn frå kr. 745 000 - 796 600 (tilsvarar lønnssteg 74-77). For særleg godtkvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn.
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får du hos: instituttleiar Tor Eldevik ved Geofysisk institutt, Tor.Eldevik@uib.no, 555 88731 eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, Elisabeth.Lysebo@uib.no, 5558 8198.

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Maria Svåsand, maria.svasand@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Nærare opplysningar om Geofysisk institutt kan ein finne på instituttet si heimeside.


  • user

    Tittel

    Administrasjonssjef ved Geofysisk institutt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Clock

kr 388 - 414

Per time

Clock

kr 62 083 - 66 383

Per måned

Clock

kr 745 000 - 796 600

Per år

Oppsummert av KI. .

  • user

    Tittel

    Administrasjonssjef ved Geofysisk institutt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    72780

  • Sist endret

    20. desember 2024