Lonna logo
Lonna logo

Vi søkjer saksbehandlar innan grunnforureining og avfall!

Miljødirektoratet

Grensesvingen 7, 661 Oslo3 days siden

Vi søkjer saksbehandlar innan grunnforureining og avfall!

Miljødirektoratet

Grensesvingen 7, 661 Oslo3 days siden

Clock

kr 286 - 427

Per time

Clock

kr 45 833 - 68 333

Per måned

Clock

kr 550 000 - 820 000

Per år

Oppsummert av KI. .

Om stillingen

Om stillinga

Har du kunnskap om og erfaring frå arbeid med grunnforureining, og er du kjent med EU sitt arbeid med nytt jordovervakingsdirektiv? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Om du i tillegg har kompetanse innan avfall, som til dømes attvinning av betong, er det flotte. 

Vi har ledig ei fast stilling som saksbehandlar hos oss. Her vil du få høve til å bruke fagkompetansen din på utfordrande oppgåver i samarbeid med svært kompetente medarbeidarar. Direktoratet har eit stort fagmiljø som mellom anna dekkjer heile forureiningsfeltet.

Seksjon for avfall og grunnforureining er ein av åtte seksjonar i avfall-, kjemikalie- og tilsynsavdelinga. Vi jobbar mellom anna med jordhelse, grunnforureining, massehandtering og deponi.

Seksjonen samarbeider tett med andre einingar i Miljødirektoratet, og har i tillegg omfattande kontakt med andre statlege etatar, statsforvaltaren, kommunar og næringsliv. Seksjonen har i dag 17 engasjerte medarbeidarar, og har arbeidsstad sentralt plassert på Helsfyr i Oslo.


Arbeidsoppgåvene dine

  • følgje opp nasjonal politikk innan grunnforureining, avfall og deponi
  • følgje utviklinga og bidra til gjennomføringa av EU/EØS-regelverk
  • svare ut oppdrag og førespurnader frå KLD og gi faglege innspel til politikkutvikling
  • bidra inn i arbeid med tiltaks- og verkemiddelvurderingar
  • ha ansvar for konsulentoppdrag/kontraktar på sine fagfelt
  • rettleie og bidra til styring av statsforvaltarane 
  • saksbehandling, under dette behandle klagesaker
  • hjelp til med svar på førespurnader frå media
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=2EyQbSHHc8s

Kompetansekrav

Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn

  • Master innan tekniske fag, ingeniørfag, naturvitskap eller andre relevante fagområde. Relevant utdanning på bachelornivå med erfaring kan kompensere for kravet om masterutdanning.
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • relevant erfaring frå arbeid med grunnforureining og avfall
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gode engelskkunnskapar
  • kunnskap om relevant lovverk, spesielt forureiningslova, avfallsforskrifta og forureiningsforskrifta

Eigenskapar

  • du har god rolleforståing og trivst med styresmaktsutøving
  • du leverer gode resultat til rett tid
  • du er sjølvstendig, men samarbeider også godt med andre
  • du har stor arbeidskapasitet og trivst med ein hektisk kvardag
  • du tenkjer heilskap og ser dei store linjene

Kvifor skal du velje oss?

Vil du vere med å løyse vår tids største klima og miljø utfordringar? Då vil du nok trivast hos oss! Vi tilbyr ein meiningsfull jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss vil du få høve til å vekse og utvikle deg, både fagleg og personleg. 

Er du oppteken av fleksibilitet i kvardagen? Vi gir deg moglegheit for avtale om heimekontor inntil to dagar i veka om arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjere. I tillegg har vi fleksitid, betalt overtid og sommartid. Du blir også medlem av Statens pensjonskasse, med gode pensjonsordningar og bustadlån med gunstige vilkår.

Miljødirektoratet held til i attraktive lokale ved kollektivknutepunktet på Helsfyr. Her har vi m.a. kantine med høg kvalitet, treningsrom og sykkel- og bilgarasje. Dei tilsette har eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar og moglegheit for trening i arbeidstida.

Du blir tilsett i fast stilling med lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr. 550 000 til kr. 820 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Om du er spesielt kvalifisert, kan vi vurdere deg noko høgare.


Har du spørsmål?

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Kjersti Gram Andersen, mob: 414 19 640 eller e-post kjersti.gram.andersen@miljodir.no.

Spørsmål om søknadsprosessen kan stillast til seniorrådgivar HR Thomas Seeberg Yri, mob 928 34 277 eller e-post thomas.seeberg.yri@miljodir.no.

Ved førespurnader, oppgi referansenummer 116-2024 AGD.


Generelle opplysningar

Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.

Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din. 

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.

Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.


  • user

    Tittel

    Saksbehandlar innan grunnforureining og avfall

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. 

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet. 

Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
Clock

kr 286 - 427

Per time

Clock

kr 45 833 - 68 333

Per måned

Clock

kr 550 000 - 820 000

Per år

Oppsummert av KI. .

  • user

    Tittel

    Saksbehandlar innan grunnforureining og avfall

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. 

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet. 

Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    72826

  • Sist endret

    21. desember 2024