Lonna logo
Lonna logo

Spennande moglegheit som leiar- og prosesstøtte i Nav 

Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen3 days siden

Spennande moglegheit som leiar- og prosesstøtte i Nav 

Nav Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse

Møllendalsveien 8, 5009 Bergen3 days siden

Clock

kr 354 - 395

Per time

Clock

kr 56 666 - 63 333

Per måned

Clock

kr 680 000 - 760 000

Per år

Oppsummert av KI. .

Om stillingen

Nav Vestland arbeid og helse er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter og er ein del av Nav Vestland si satsing for å levere betre og meir heilskaplege tenester til arbeidslivet. Eininga består av Nav arbeidslivssenter, Nav arbeidsrådgiving, senter for jobbmestring og rådgivande legeteneste. Kontoret har over 80 tilsette som leverer tenester til Nav-kontora i heile fylket.

No ser vi etter ein verksemdskontrollar som vil bli ein del av avdelingsdirektøren si strategiske leiargruppe. Du vil få arbeide med både administrative oppgåver innan økonomi og styring, samt leie spennande utviklingsarbeid.

I denne stillinga får du moglegheita til å jobbe både sjølvstendig og i team, saman med kollegaer med høg kompetanse. Vi legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, og særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved Nav-kontora. I tillegg har vi utstrekt brukarkontakt ved fleire av tenestene våre. I Nav Vestland arbeidar vi etter prinsippa for kontinuerleg forbetring og Lean.  

Nav Vestland er organisert i ni regionar og Nav arbeid og helse er geografisk fordelt til dei ulike regionane. Du vil ha arbeidsstad i Bergen. Då medarbeidarar jobbar i dei ulike regionane, må noko reiseverksemd påreknast.


Arbeidsoppgåver

Arbeidskvardagen din vil vere prega av samarbeid på tvers i eininga vår. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna bestå av utviklingsarbeid, styringsoppgåver og administrative oppgåver. 

Sentrale arbeidsoppgåver: 

  • vere administrativ støtte til avdelingsdirektør og leiargruppa
  • leie og koordinere utviklingsarbeid og prosessar på tvers i eininga. I dette inngår å vere støtte for fagleiarar/-koordinatorar med å følgje med på forsking og rapportar for å sikre at me arbeider kunnskapsbasert 
  • følge opp styringssystem, deriblant leie interne revisjonsprosessar
  • budsjettoppfølging og anna verksemdsrapportering

Det må påreknast at det kan bli endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Du kan ha bakgrunn frå til dømes sosialfag, samfunnsfag, juss eller administrativ retning. Relevant erfaring og /eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • Erfaring frå å drive prosess- og prosjektarbeid
  • God kompetanse i å bruke digitale plattformer og verktøy
  • God formidlingsevne, munnleg og skriftleg

Administrasjonsspråket til Nav Vestland er nynorsk.

Det er ein fordel om du også har: 

  • erfaring frå liknande arbeidsoppgåver, til dømes saksførebuingar
  • erfaring frå å jobbe i eller tett på leiargrupper
  • kjennskap til Lean og forbetringsarbeid

Vi ser etter deg som

  • Arbeider målretta og strukturert
  • Er ein lagspelar som medverkar til gode resultat
  • Trivst med ein variert arbeidskvardag
  • Har god evne til sjølvstendig arbeid
  • Er proaktiv og har høg grad av sjølvleiing

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 680 000- kr 760 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  

Kontaktinformasjon

Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleder, 40827552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 4898509149
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.01.2025

  • user

    Tittel

    Verksemdskontrollar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Clock

kr 354 - 395

Per time

Clock

kr 56 666 - 63 333

Per måned

Clock

kr 680 000 - 760 000

Per år

Oppsummert av KI. .

  • user

    Tittel

    Verksemdskontrollar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    72860

  • Sist endret

    21. desember 2024