Stilling som senioringeniør
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen3 days siden
Stilling som senioringeniør
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen3 days siden
kr 343 - 368
Per time
kr 55 000 - 59 000
Per måned
kr 660 000 - 708 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Om stillingen
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wSenioringeniør
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei fast stilling (100 %) som senioringeniør. Forventa oppstart i stillinga er innan august 2025.
Om instituttet
Kjemisk kunnskap, teknologi og kompetanse er essensielle faktorar for å møte samfunnet sitt aukande behov innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye material, kvalitetssikring og -analyser, for å nemne nokre tema som også står sentralt i berekraftsmåla til FN. Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og er vertskap for eller partner i studieprogram innan kjemi, nanovitskap, medisinsk teknologi, farmasi, energi, og lektorutdanning.
Vi har i dag om lag 270 studentar, vel 80 tilsette inkludert 24 førsteamanuensar og professorar, og rundt 40 ph.d.-kandidatar. Kjemisk institutt har satsa strategisk på oppbygging av en moderne forskingsinfrastruktur og har nettopp tatt i bruk eit topp-moderne laboratorieareal for medisinalkjemi, energiforsking og automatiserte kjemiske eksperiment. Institutt skal mellom anna vere vertskap for Norwegian Open Laboratory for High-Throughput Experimentation and Scale-up (NorHTE), som er ein nasjonal infrastruktur innan automatisert kjemisk eksperimentering, nyleg finansiert av Noregs forskningsråd.
Om stillinga
Personen som blir tilsett er sentral i oppbygginga og drifta av den nasjonale infrastrukturen for automatisert syntetisk kjemi NorHTE. Sentralt i stillinga inngår også deltaking i eksternfinansierte forskings- og innovasjonsprosjekt innan uorganisk og metallorganisk syntese. Vedlikehald og instruksjon på sentral forskingsinfrastruktur, hovudsakleg innan automatisert syntetisk kjemi, bruk av hanskeboksar og anna utstyr inngår også som del av arbeidsoppgåvene.
Om lag 50 % av stillinga er retta mot etablering og drift av den nasjonale infrastrukturen NorHTE, og 30 % av stillinga vil dei første 6 åra bidra til eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt retta mot ny teknologi for hydrogenbaserte energiberarar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil omfatte:
- oppbygging og drift av NorHTE infrastrukturen
- aktiv deltaking i bidragsfinansierte forskings- og innovasjonsprosjekt
- drift og vedlikehald av, og opplæring på instrument, hanskeboksar, og anna utstyr
Den som blir tilsett vil i periodar med mindre eksternfinansiering også bidra til andre arbeidsoppgåver ved instituttet. Dette kan til dømes være drift og vedlikehald av felles basisinstrumentering og drift av kjemikalielager, i tillegg til førebuing og gjennomføring av undervisning på laboratoriekurs.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha utdanning på doktorgradsnivå i syntetisk kjemi. Relevant praksis i breidda av dei etterspurde kvalifikasjonar og eigenskapar kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. Søkjarar må dokumentere relevant forskingspraksis.
- Det vil vere ein fordel med praktisk erfaring i hanskeboksteknologi, Schlenk-teknikk og relevante karakteriseringsteknikkar.
- Det vil vere ein fordel med praktisk erfaring i metallorganisk kjemi, homogen katalyse eller uorganisk syntetisk kjemi.
- Det vil vere ein fordel med erfaring i automatisering av kjemiske eksperiment.
- Søkjar må ha relevant digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter.
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på engelsk er eit krav.
- Gode norskkunnskapar vil vere ein fordel, da arbeidsspråket i stillinga i hovudsak er norsk.
- Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, målretta og ha gode samarbeidsevner.
- Vi forventar entusiasme for og evne til å jobbe godt i eit ambisiøst forskings- og utdanningsmiljø.
Det vil bli lagt vekt på personlege og mellommenneskelege eigenskapar som er viktig for å lukkast i eit team.
Den som blir tilsett, må kunne kommunisere på norsk eller eit anna skandinavisk språk på B2-nivå innan tre år etter tilsetjing. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.
Spesielle krav til stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 12 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som senioringeniør (kode 1181) i det statlege lønsregulativ, med årslønn kr. 660 000 til 708 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Vidar R. Jensen, Kjemisk institutt, tlf. +47-55583489 / e-post: Vidar.Jensen@uib.no eller Prof. Bengt Erik Haug, tlf. +47 55583468 / e-post: bengt-erik.haug@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgivar Anna Folgerø, e-mail: anna.folgero@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglande for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Tittel
Senioringeniør
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
kr 343 - 368
Per time
kr 55 000 - 59 000
Per måned
kr 660 000 - 708 000
Per år
Oppsummert av KI. .
Tittel
Senioringeniør
Oppstart
Ikke oppgitt
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
73170
Sist endret
21. desember 2024