Lonna logo
Lonna logo

Spesialist i allmennmedisin og ALIS

Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune

Haugneset 20, 6230 Sykkylven6 months siden

Spesialist i allmennmedisin og ALIS

Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune

Haugneset 20, 6230 Sykkylven6 months siden

Om stillingen

VI TRENG DIN KOMPETANSE SOM FASTLEGE

Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting. 

Listelengden kan diskuteres etter legens behov og kapasitet.

Vi har ei ledig stilling frå snarast:

  • 100% spesialist i allmennmedisin, ALIS (allmennlege i spesialisering) eller spesialist i andre fagfelt

Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 8 legeheimlar og erfarent hjelpepersonell. Legevakt interkommunalt med Stranda kommune omfattar 3 faste tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.

Legesenteret er sentrumsnært og held til i leigde lokale samlokalisert med fleire andre fagfelta  og ligg like ved Omsorgssenteret og Heimetenestene. Legesenteret skal inn i nye og framtidsretta lokale innan 1 år. Det er nettopp utarbeidd ein ny plan for Legetenestene 2023-2030, og vi utviklar oss og legg vekt på å vere framtidsretta der vi arbeider meir i team.

Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du som fastlege i Sykkylven har, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.

Tilsettingsprosessen kan skje fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
  • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
  • Moglegheit for arbeid i helsestasjon
  • Deltaking  i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
  • Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS

Kvalifikasjonar

  • Har norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt.
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg  og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)

Personlege eigenskapar

  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Løsningsorientert og endringsvillig
  • Du er fleksibel

Personlig egnaheit vektleggas

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
  • God kollegial støtte og samarbeid  
  • Sterk fagleg hjelpepersonell
  • Kollegial møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
  • Valfri bruk av e-konsultasjonar i ditt arbeid
  • Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
  • Næringsdrift med 0-avtale og inntening frå første dag
  • Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
  • Økonomisk kompensasjon for inntil 10 dagar pr år om du er sjuk eller heime med sjukt barn
  • Lønn etter avtale
  • Beste natur, fjell og lokale aktivitetar

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Gulay Candan Kar, Einingsleiar Sykkylven Legesenter, 47728672, gulay.kar@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4833015595
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 05.01.2025

  • user

    Tittel

    Spesialist i allmennmedisin og ALIS

  • calendar

    Oppstart

    1. november 2024

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

  • user

    Tittel

    Spesialist i allmennmedisin og ALIS

  • calendar

    Oppstart

    1. november 2024

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    9788

  • Sist endret

    20. desember 2024