Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi ved Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Øysteins gate 3, 5007 BERGEN
To måneder siden
kr 358 - 377
Per time
kr 62 083 - 65 417
Per måned
kr 745 000 - 785 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wVed Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi, inkludert vikingtid, og med undervisningskompetanse innan digital arkeologi. Oppstartsdato for stillinga er 01.05.2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Arkeologi ved AHKR har sju faste vitskapelege stillingar. Me har ei global utsyn, men fokuset vårt er på den europeiske fortida, frå Middelhavet til Skandinavia. Undervisinga spenner over alle periodar frå steinalder til moderne tid, og er ofte organisert i tematiske emne, som dekkjer for eksempel kjønn, sosial ulikskap, samhandling mellom menneske og miljø, teknologi og migrasjon, og med fokus på ulike metodar og kjelder, som til dømes bergkunst, busettinga, graver eller zooarkeologi og rekonstruksjonar av landskap. Jernalderen, og særleg yngre jernalder, er ein nøkkelperiode i Norden med store sosiale og religiøse endringar, og perioden speler ei stor rolle i undervisningsprogramma våre.
Ved AHKR blir forsking i arkeologi utført i kombinasjon med undervisning på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.).
Til stillinga som førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi ligg det forsking, rettleiing, undervisning, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå innan nordisk yngre jernalderarkeologi, og minst eitt aspekt av digital arkeologi (t.d. GIS, statistikkprogramvare, AI-applikasjonar, 3D-fotogrammetri og databasedesign).
Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, formidling og søking av eksterne midlar.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre (3) eksemplar til: Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Søkjarar kan finne ei rettleiing for korleis du søkjer stillinga her.
NB: Vi gjer oppmerksam på at søknadenevert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post teemu.ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, eller fagkoordinator for arkeologi, professor Visa Immonen, per e-post visa.immonen@uib.no eller tlf. 55 58 23 10.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Meir informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger

BERGEN
To måneder siden