Ph.d.-stipendiat i tektonikk/bassenganalyse
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 BERGEN
3 dager siden
kr 273 - 273
Per time
kr 47 392 - 47 392
Per måned
kr 568 700 - 568 700
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet i Bergen, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i tektonikk/bassenganalyse. Stillinga er eit samarbeid med Institutt for geovitenskap, ved Fakultet for naturvitskap og teknologi. Stipendiaten vil ha sin daglege arbeidsplass ved Institutt for geovitenskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er knytt til prosjektet «Source–Sink Dynamics of the northeastern North Sea region”, finansiert av Vår Energi og Equinor, og ledet av professor Haakon Fossen samen med professor Joachim Jacobs og professor Christian Eide.
Hovudmålet med prosjektet er å få ei betre forståing av det dynamiske forholdet mellom erosjon på land (kjelde) og avsetningsmønster til havs (sink) for den austlege delen av det nordlege riftbassenget i Nordsjøen, frå trias og inn i krit. Prosjektet vil kombinera berggrunnsdata på land, geomorfologiske og termokronometriske data og seismiske/brønndata til havs. Forskinga vil involvera:
I kva grad stipendiaten vil vera involvert i termokronometrisk analyse og evaluering vil avhenga av bakgrunnen.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i www.jobbnorge.no
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Haakon Fossen, UiB, +47 97018795 – e-mail: haakon.fossen@uib.no eller professor Joachim Jacobs, UiB, tel. +47 48127156 – e-mail: joachim.jacobs@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Ph.d.-stipendiat i tektonikk/bassenganalyse
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Ph.d.-stipendiat i tektonikk/bassenganalyse
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger

BERGEN
3 dager siden