Ingeniør - CAD/PLM
Vik Ørsta
Strandgata 59, 6150 ØRSTA
To uker siden
Om stillingen
Ser du potensialet i 2D og kan visualisere det i 3D? Eller evnar du å få dataprogram til å samarbeide?
Då kan dette vere jobben for deg.
Om jobben:
Du vil ha ansvar for våre CAD- og PLM-program, og vere med på å utvikle produkt og lage produksjonsunderlag. Kvardagen er variert, og det er viktig å kunne prioritere oppgåver effektivt. Det er ikkje alltid du vil kunne fullføre planen du har lagt for dagen, fordi andre prosjekt må prioriterast. Evne til nettopp å prioritere, ha mange tankar, rekkverk og prosjekt i lufta på ein gang, og til slutt lande dette i lag på ei god måte er viktige eigenskapar å ha i denne rolla. Vi er midt i ein prosess med å integrere CAD- og ERP-systema våre, og du vil ha ei nøkkelrolle her. Teknologien endrar seg raskt, og vi treng di hjelp til å halde oss i front.
Vi ser etter deg som:
Slik søkjer du:
Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av CV? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Spørsmål om stillinga? Kontakt oss:
Teknisk sjef Jan Olav Hoggen, tlf. 951 70 854
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta!
75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 75 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
. Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaeaOm bedriften
Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 270 tilsette.
Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no
Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2700 medarbeidarar i 13 land.
Les meir om Saferoad på www.saferoad.com
Tittel
Ingeniør - CAD/PLM
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Privat
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Ingeniør - CAD/PLM
Vik Ørsta
ØRSTA
To uker siden