Omviser og kafémedarbeider i sesong- og ringevikarstillinger
Museumssenteret i Hordaland
Gjerstad 44, 5282 OSTERØY
17. februar 2025
MI
Omviser og kafémedarbeider i sesong- og ringevikarstillinger
Museumssenteret i Hordaland
LONEVÅG
17. februar 2025
Om stillingen
Velkommen til ein hyggjeleg museumsjobb i historiske og pittoreske omgivnader!
Vi har no ledige sesong- og tilkallingsvikar-stillingar i fire avdelingar, på fire lokasjonar.
Som omvisar og vert er du imøtekommande, sjølvstendig og fleksibel. Vi kan love deg ein spennande sommarjobb i eit unikt museum, der du blir ein del av ei fin gruppe formidlarar og guidar. Vi treng deg som likar å vere saman med andre menneske og som likar å formidle fagkunnskap på ein forståeleg måte.
Du må beherske norsk og engelsk munnleg, og du må ta del i kafédrift/andre oppgåver ved sidan av å guide publikum. Omvisar og vert må kunne jobbe i musea sine opningstider. Du vil jobbe saman med andre formidlarar, guidar eller kafévertar.
Vi ønskjer særleg sommarvikarar som er interessert i vidare stilling som ekstrahjelp/ringevikar utover hausten.
Opplæring vil bli gitt.
Dei som vert tilsette må delta på opplæring/førstehjelpskurs 3. juni 2025 i Salhus.
Osterøy museum søkjer 1-2 museumsvertar og ringevikarar.
Museumsverten skal ta hand om omvising, resepsjon, enkel servering, evt. reinhald og aktivitetar for barn.
Arbeidsperioden vil vere frå 23. juni til 13. august 2025, fast tre dagar i veka og ved bestillingar. Arbeid utover denne perioden kan bli akuelt.
Lyngheisenteret søkjer 2-3 ringevikarar i sesongen, til Infobygget, som skal ta hand om omvising, hjelpe til i kaféen og resepsjonen, og med litt reinhald.
Arbeidsperioden er hovudsakleg sommarsesongen 2025, april - september, men vi er òg interesserte i nokon som er tilgjengelege heile året.
Vestnorsk utvandringssenter søkjer 2 museumsvertar for sommarsesongen 2025.
Oppgåvene vil vere vertskap, omvising og sal av billetter og arbeid i butikk. Det inngår også enkle kaféoppgåver. Det vil vere vertens oppgåve å oppretthalde dagleg og enkel reinhald.
Arbeidsperioden vil vere:
- 18. mai til 22. juni: søndag, kl.10:30-15:30
- 23. juni til 31. august: tirsdag, onsdag, torsdag og søndag, kl.10:30-15:30
Tekstilindustrimuseet søkjer 2 museumsvertar for å formidla Bergens einaste freda teknisk-industrielle kulturminne. Vi søkjer deg som vil arbeida i perioden sesongen 2025 og i helgar, og som ringevikar utover hausten.
Behov: omvisar som kan følgja cruisegruppene frå TIM til OM.
Oppstart ca. 1. juni.
MUHO har svært ulike avdelingar og vi treng ulik kompetanse for å løyse oppgåvene våre.
Vi ønskjer oss medarbeidarar som er positive, løysingsorienterte og held kundeservice høgt, og som har interesse for å jobbe i museum.
Vi ser særskild etter personar som er fleksible og kan tenkje seg å jobbe i fleire av våre avdelingar etter behov. Dersom du ønskjer / kan arbeida i fleire avdelingar, vil sertifikat og disponering av bil være ein fordel. Søkarar må vera 18 år.
Du vil få god opplæring!
Våre verdiar er likeverd, openheit, kompetanse og engasjement, og vi søkjar deg som kan identifisere deg med desse verdiane.
Tekstilindustrimuseet forvaltar det spennande nasjonale industriminnet Salhus Tricotagefabrik, og museet har særleg ansvar for historia til den norske tekstilindustrien. Fabrikkanlegget vart freda i 2020. Museumsgjestane er lokale og internasjonale, og kjem for å sjå på den unike maskinparken og høyre om tekstilindustrien. Saman med galleriet, museumsbutikken og kaféen gjev museet kunnskapsformidling og gode opplevingar.
Osterøy Museum er eit av dei eldste folkemusea, med store kulturhistoriske samlingar som fortel om livet på strilelandet. I dag har museet særleg fokus på handverk og småindustri og kunnskapsarven knytt til bruk av ull og oppstadvev, bygningshandverk og treskoproduksjon. Osterøy museum feira 100 års jubileum i 2020.
Vestnorsk utvandringssenter på Sletta er ein liten landsby beståande av "Prærielandsbyen" og Emigrantkyrkja, der bygningane er henta frå USA frå utvandrartida. Museet har fokus på migrasjon både i fortid og notid, med den norske utvandringa frå Noreg til Amerika på 1800- og 1900-talet som bakteppe. Her er det omvisingar og ulike arrangement gjennom året, og ope kafé.
Havrå er eit klyngetun med 8 bruk på Osterøy, der det drives gard med utgangspunkt i tradisjonelle teknikkar frå 1800-talet. MUHO eig og driv to av bruka, driftar landskap knytt til to andre bruk, samt tek ansvar for fellesoppgåver ved klyngetunet. MUHO forvaltar ved dette eit landskap med viktige kulturbiologiske verdiar. Garden er freda som kulturminne, og er på lista over utvalde kulturlandskap.
Lyngheisenteret på Lygra er oppretta for å ta vare på kulturlandskapet på kysten og kunnskapen og tradisjonane knytt til dette landskapet. I samarbeid med lokale grunneigarar vert 1500 mål lynghei halde i hevd på autentisk vis. Her har ein museumsbygg, restaurant/kafé, utstilling, villsau og eit gamalt gardsbruk med moglegheit for overnatting. Det er fleire arrangement gjennom året.
Bevaringstenestene er ei felles bevarings- og konserveringsteneste for dei konsoliderte musea i Vestland. Avdelinga har ansvar for drift av eit fellesmagasin. Bevearingstenestene driv med konservering av gjenstandar og tekstilar, og har oppdrag for alle musea i Vestland fylke, private og offentlige aktører. I tillegg tek avdelinga betalte oppdrag for mellom anna Statsbygg, KORO, Riksantikvaren og norske museum. Avdelinga har eit stort konserveringsfagleg miljø.
Om bedriften
MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Vestland.
Vi held til i:
Vi formidlar ikkje berre historie – vi viser, lærer bort og utfører tradisjonelle teknikkar innan handverk, industri og gardsdrift.
Les meir på: muho.no
Bevaringstenestene er ei avdeling i MUHO som arbeider for dei konsoliderte musea i Vestland, og tek oppdrag for museum, kyrkjer, private og offentlege verksemder i heile landet.
Vi tilbyr tilstandsvurdering og konservering av gjenstander og tekstil. Vi arbeider for å betre tilhøva for samlingane gjennom reorganisering av magasin, rengjering av historiske interiør, opplæring i IPM, dokumentasjon, flytting av samlingar og utarbeiding av verdiberedskapsplanar.
Vi tilbyr rådgjeving og held kurs i relevante tema.
Tittel
Sommarjobb 2025. Omvisar / Ringevikar / Sesonghjelp / Guide / Café
Oppstart
Type engasjement
Sesong
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
20
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.

Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson