Merkantil stilling ved Eid ungdomsskule
Eid ungdomsskule, Stad kommune
Eid ungdomsskule, 6770 STAD
9. mars 2025
Om stillingen
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som merkantil ved Eid ungdomsskule frå 1. aug. 2025.
Eid ungdomsskule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen vil skuleåret 2025-2026 ha ca. 265 elevar og 41 tilsette. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team. Det er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø på skulen.
Dei som søkjer må vere glad i å jobbe i eit miljø kor oppgåvene er mange og varierte, vere serviceinnstilt og kunne møte menneske på ein hyggeleg og inkluderande måte. Du blir ein sentral person for alle dei kjekke ungdomane og tilsette på Eid ungdomsskule.
Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Eid ungdomsskule v/rektor Peder Felde telefon 97 03 27 61.
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Tittel
Ledig merkantil stilling ved Eid ungdomsskule
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Merkantil stilling ved Eid ungdomsskule
Eid ungdomsskule, Stad kommune
NORDFJORDEID
9. mars 2025