Ledig fast stilling som rektor ved Åheim skule frå 01.08.25
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Ospelida 4, 6146 VANYLVEN
To uker siden
Om stillingen
Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2025. Åheim skule er ein 1-10 skule med SFO-ordning. Skulen har om lag 80 elevar og 25 tilsette. Administrasjonsressursen er på 150% stilling fordelt mellom rektor og assisterande rektor.
Til å leie og vidareutvikle Åheim skule søkjer vi etter ein samlande og motiverande leiar, som gjennom eit tydeleg og inkluderande leiarskap medverkar til eit utviklande og godt lærings- og arbeidsmiljø. Du er utviklings- og løysingsorientert, har eit stort samfunnsengasjement og eit sterkt ynskje om å bidra til å vidareutvikle gode tenestetilbod for barn og unge.
Vanylven kommune søkjer ein person med interesse og engasjement for skuleutvikling og med ambisjonar om å skape ein god skule. Du er ein pådrivar for å utvikle skulen i samsvar med kommunen sine overordna planar, kvalitetsplanen for skulen og nasjonale planverk. Du involverer personalet og foreldre i skulen sitt utviklingsarbeid, og er ein målretta og motiverande leiar som har evne og vilje til å legge til rette for at personalet skal få gjere sitt beste. I tillegg til skuleutvikling er du god på administrativt arbeid, økonomistyring og arbeidsmiljøarbeid.
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Tittel
Ledig fast stilling som rektor ved Åheim skule
Oppstart
2025-08-01
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

ÅHEIM
To uker siden