Seksjonsleiar
Kjøkken og kantine Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 ÅLESUND
Over en måned siden
Om stillingen
Er du den nye seksjonsleiaren vår for gynekologiske legar og gynekologisk poliklinikk. Er du nytenkjande og løysingsorientert?
Seksjonane er tilknytta avdeling for kvinner, barnemedisin og habillitering, og er organisert under klinikk Ålesund. Vi har no ledig fast 100 % seksjonsleiarstilling for gynekologiske leger og gynekologisk poliklinikk frå snarast. Seksjonane har til saman 11 overlegar og 9 LIS2/3 stillinger, 4,6 sjukepleiar stillingar og 5,6 merkantile.
Dei fleste spesialistane er subspesialiserte, det vil sei at dei har eit område innan fagfeltet med høg spesialkompetanse. To overlegar og en LIS 2/3 har phD i faget. Seksjonen har og ei god rekruttering på LIS.
Kvinneklinikken held ope heile året.
Vi set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Tittel
Seksjonsleiar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger

ÅLESUND
Over en måned siden