Er du vernepleiar eller sjukepleiar med interesse for tilsyn, pasient- og brukarretter og kvalitetsarbeid?
Statens helsetilsyn
Møllergata 24, 0179 OSLO
4 dager siden
kr 337 - 409
Per time
kr 58 333 - 70 833
Per måned
kr 700 000 - 850 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for fagleg tilsyn med sosiale tenester i Nav, barnevern-, helse- og omsorgstenesta. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsverksemd og drive kompetansebygging. Vidare skal vi medverke til at erfaringar frå tilsyn blir gjort tilgjengeleg for politiske oppdragsgivarar, for dei som har ansvar for tenestene og personellet der, for brukarane av tenestene, og for befolkninga.
Er du ein samfunnsangasjert vernepleiar eller sjukepleiar med lang erfaring og med kunnskap og interesse for kvalitetsarbeid og pasienttryggleik? Helsetilsynet er i gang med å gjennomføre eit digitalt skifte som er naudsamt for at vi skal kunne fylle samfunnsoppdraget vårt. Vi ser difor etter deg som og er god på å samanstille og analysere data og er nysgjerrig på moglegheitene ved auka digitalisering av tilsyn. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstenesta. Avdelinga har ansvaret for behandling av enkeltsaker som gjeld helsepersonell. Avdelinga har og overordna ansvar for rettsklager og kontroll med bruk av tvang og makt.
Helsetilsynet organiserer arbeidet i tverrfaglege team, og du vil jobbe tett saman med andre fagpersonar med ulike fagbakgrunnar.
Denne stillinga krev ein person som er dyktig i kommunikasjon, har leiareigenskapar, og er i stand til å handtere kompleks saksbehandling. Vidare vil du òg vere ein viktig medspelar i arbeidet vårt med digitalisering.
Du vil få arbeide med:
Nødvendige kvalifikasjonar:
Ønskte kvalifikasjonar:
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna. Vi trur du vil trivast og lykkast i denne stillinga dersom du:
Stillinga blir lønna i spennet: kr 700 000 - kr 850 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Tittel
2025/11 Helsepersonell, fast stilling
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Om stillingen

Rapporter feilTittel
2025/11 Helsepersonell, fast stilling
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Relaterte stillinger

OSLO
4 dager siden