Jurist – A-krimArbeidstilsynet, Bergen
Har du lyst til å jobbe for eit godt og lovleg arbeidsliv i Noreg?Norsk arbeidsliv er samla sett prega av ordna forhold. Likevel er det store utfordringar knytte til arbeidslivskriminalitet (a-krim), utnytting av sårbar arbeidskraft og useriøsitet. Har du lyst til å bidra til eit seriøst og anstendig arbeidsliv og til at kriminelle aktørar ikkje får fotfeste i arbeidslivet? Da har du moglegheita!
Arbeidstilsynet, avdeling A-krim, søker ein jurist som har god heilskapsforståing av utfordringane som sosial dumping, useriøsitet og arbeidslivskriminalitet representerer. Du må ha analytisk kompetanse og trivast i eit tverretatleg fag- og arbeidsmiljø med andre myndigheiter. Du må ha gode samarbeidsevner og like å jobbe tett på inspektørane.
Du blir tilsett i Avdeling arbeidslivskriminalitet / Seksjon arbeidslivskriminalitet (a-krim) Nord-vest, som har inspektørar i både Bergen og Ålesund, med arbeidsstad Bergen. Seksjonen består av dyktige og hyggelege inspektørar og juristar. Som medarbeidar i Seksjon a-krim Nord-vest må du rekne med å løyse oppgåver innanfor heile oppgåveporteføljen til avdelinga.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og bakgrunn og med ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Har du i periodar stått utanfor arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkommen til å søke jobb hos oss. Vi legg arbeidsplassen til rette dersom du har behov for det.
I Arbeidstilsynet ønsker vi kontinuerleg forbetring, og i 2025 skal vi forsterke organisasjonsstrukturen vår. Dette vil ikkje påverke kvar denne stillinga er lokalisert geografisk, men kan påverke innhaldet i arbeidsoppgåvene. Utdjupande informasjon om dette vil bli gitt under intervju.
Arbeidsoppgåver- juridisk saksbehandling
- fagleg støtte og eventuelt deltaking i samband med gjennomføring av tilsyn
- effektiv sanksjonering (gebyr og meldingar) i etterkant av tilsyn
- kvalitetskontroll av tilsynsrapportar og vedtak om pålegg og pressmiddel (tvangsmulkt, stans)
- klagesaksbehandling i første instans
- generell juridisk rådgiving og rettleiing, internt og eksternt
- innspel og bidrag til høyringsfråsegner
- samarbeid med andre etatar gjennom a-krimsenter eller anna tverretatleg a-krimsamarbeid
- deltaking i interne møte og fagforum
Vi søker deg som har- juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
- god kunnskap om grunnleggande omsyn og prinsipp i forvaltningslova
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- kunnskap om korleis arbeidslivet er organisert i Noreg
- saksbehandlarerfaring
- førarkort for personbil (klasse B)
Vi ønsker også at du- har økonomisk forståing og noko kunnskap om selskapsrett
- kunnskap om og/eller erfaring med arbeidsmiljøregelverket
- liker å samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- tar ansvar og arbeider sjølvstendig, men også sørger for forankring av avgjerder
- er analytisk og strukturert
- liker å jobbe i eit felt som er i endring
- er nysgjerrig og løysingsorientert
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Det er mange gode grunnar til å jobbe i Arbeidstilsynet. Hos oss får du · lønn etter statens lønnsregulativ som rådgivar, kode 1434 (kr 600 000 til kr 700 000) eller seniorrådgivar, kode 1364 (kr 670 000 til kr 870 000), avhengig av kvalifikasjonane dine
Viktig å vite før du søker Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du normalt ikkje ha bierverv eller andre økonomiske interesser i verksemder som er underlagde tilsyn frå Arbeidstilsynet.
Du kan be om unntak frå å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må du grunngi i søknaden. Vi kontaktar deg dersom du ikkje får innvilga unntak.
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søker stillinga.
Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (
http://www.nokut.no) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål. Kontaktperson erJens Erik Romslo,
jens.erik.romslo@arbeidstilsynet.no (Noreg +47) 986 76 648
Johanne Tjemsland,
johanne@cruit.no, 954 60 806