Kulturskulelærar
Kultur, Stad kommune
Skulevegen 75, 6770 STAD
Over en måned siden
Om stillingen
Stad kulturskule har ledig 20 % fast undervisningsstilling frå 01.08.2025.
Vi søkjer ein lærar som kan undervise innanfor ein eller fleire av disse disiplinane: korpsdireksjon og-brassundervisning, piano, song og/eller gitar.
Du vil undervise i heile Stad kommune gjennom eit desentralisert undervisningstilbod.
Stad kulturskule er ein aktiv og synleg aktør i kommunen sitt kulturliv. Det er eit høgt fagleg nivå i kollegiet, og eit godt og kreativt arbeidsmiljø. Vi har eit utstrakt fagleg samarbeid i kollegiet og gjer større samarbeidsprosjekt årvisst. Kulturskulen er i stadig utvikling og ønskjer å vere eit lokalt resurssenter i Stad kommune. Dette gjer kulturskulen til ein spennande og utfordrande arbeidsplass.
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med kulturskulerektor Benedikte Dæmring, tlf 41163174 eller kultursjef Geir Holmen, tlf 907 79 933
NB: Husk at du må laste opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgi undervisningsrelevant referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Tittel
Kulturskulelærar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
1
Kontaktperson

Relaterte stillinger
Kulturskulelærar
Kultur, Stad kommune
NORDFJORDEID
Over en måned siden