Helgestillingar (Fagarbeidar/student/assistent)
Post 2 Sør
Leirdalen 25, 5430 BØMLO
To uker siden
Om stillingen
Bømlo bu- og helsesenter (BBH) har fleire ledige helgestillingar på langtidsavdelinga Post 2 SØR. Me har ei ledig stilling med arbeid kvar 3. helg, og ei ledig stilling med arbeid kvar 4. helg (då med langvakter). Du kan skrive i søknaden kva stilling du søkjer.
BBH har som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver som både er varierte, spennande og utfordrande. Me søkjer deg som ynskjer å bidra til at våre pasientar får ein god kvardag og som bidrar positivt til det kjekke arbeidsmiljøet vårt!
Oppstart etter avtale.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar:
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Skulle du ha spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Leif Christian Andersen.
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Tittel
Helgestillingar (Student/fagarbeider)
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Deltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger

BREMNES
To uker siden