Ledige stillingar som lærar i Stad kommune - ytre
Kultur, Stad kommune
STADLANDET, 6750 STAD
To måneder siden
Om stillingen
Stad kommune har ledige lærarstillingar ved grunnskulane i ytre del av kommunen frå 01.08.2025. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat, i heiltid og deltid.
Stad kommune har til saman 8 kommunale grunnskular. Skulane er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.
Vi har også ledige stillingar på Stårheim skule, Haugen skule og barnehage, Nordfjordeid skule, Eid ungdomsskule og Hjelle skule.
Du finn meir informasjon som stillingane i indre del av Stad kommune her.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Meir informasjon om skulane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Tittel
Ledige stillingar som lærar i Stad kommune - ytre
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
2
Kontaktperson

Relaterte stillinger

STADLANDET
To måneder siden