Tolletaten søkjer etter ein fagleg dyktig og engasjert språkansvarleg (seniorrådgivar) som skal ha ei nøkkelrolle i å løfte språkarbeidet i etaten. Stillinga er nyoppretta, og du får vere med og forme dette viktige arbeidet.
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten er i utvikling og har ein høg endringstakt, særleg innanfor digitalisering.
Vareførselsdivisjonen (VD), som er etablert med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Vareførselsdivisjonen har fagmyndigheit for språkarbeidet i Tolletaten.
Divisjonen er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt. Klarspråk og universell utforming vil vere viktige suksesskriterium når vi no er i ferd med å gå frå manuell til digital tollbehandling. Stillinga som språkansvarleg er organisert i førebyggingsseksjonen, som ligg under brukardialogavdelinga. Arbeidskvardagen din vil vere prega av samarbeid på tvers i organisasjonen, og du vil vere den som viser veg i Tolletaten sitt språkarbeid.
Arbeidsoppgåver Som språkansvarleg i Tolletaten vil du vere sentral i arbeidet med å sikre at kommunikasjonen frå etaten er klar, korrekt og tilgjengeleg for alle målgrupper. Du vil, med ansvar for språkarbeidet i etaten, arbeide både overordna, ha det daglege forvaltningsansvaret og arbeide meir operativt. Hovudoppgåvene dine vil vere å:
- sørgje for utvikling og vedlikehald av
- rutine for å legge til rette for at etaten føl språklova
- ein språkprofil og retningslinjer for klart språk
- ei verktøykasse for språkarbeidet
- vere ein pådrivar og bidra med rådgjeving innan fagområdet
- samarbeide med ulike einingar for å sikre einsarta bruk av språk
- bidra til utvikling av digitale verktøy og løysingar for språk, omsetjing og kommunikasjon, m.a. innkjøp av språkverktøy
- få oversikt over språkkompetansen i etaten og sørgje for at tilsette kan få opplæring i klarspråk
- rapportere til Språkrådet, utarbeide dokumentasjon og gjennomføre tiltak
Sidan stillinga er nyoppretta, vil du også kunne forme innhald og omfang av oppgåvene og arbeidskvardagen din.
Kvalifikasjonar- høgare relevant utdanning (minimum bachelor) innanfor fag som språk, kommunikasjon og/eller journalistikk
- brei og variert erfaring frå språkarbeid
- god kjennskap til klarspråksprinsippa og evne til å formidle komplekse bodskapar på ein enkel og forståeleg måte
- svært god kjennskap til språklova og krava som gjeld for offentleg forvalting
- svært god skriftleg formidlingsevne på nynorsk og god evne til å nytte bokmål og engelsk som skriftleg arbeidsspråk
- kjennskap til den teknologiske utviklinga på språkområdet
- erfaring frå språkarbeid i offentleg sektor
- god kjennskap til krava til universell utforming i digitale flater
Personlege egenskapar- du trivst med å jobbe sjølvstendig og drive prosessar framover
- du har svært gode samarbeidsevner
- du kan når våre mål ved å jobbe strukturert og nøyaktig
- du er engasjert og har evne til å motivere og inspirere andre
- du er initiativrik
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i stillinga.
Vi tilbyr - ei spanande og utfordrande stilling i ein viktig etat for samfunnet
- gode høve til å utvikle deg fagleg og personleg
- eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning og tilbod om éin time bevegelse i arbeidstida per veke
- lønn som seniorrådgjevar fastsett etter bakgrunn og erfaring, lønnsspenn frå 700 000 til 800 000 kroner (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
- arbeidsstad i Bergen i moderne kontorlokale i Solheimsviken med sykkelparkering, garderobar, treningsrom og tilgang til ei veldreven kantine
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986 eller avdelingsdirektør for brukardialogavdelinga, Monica Nyhagebråten, på telefon 922 30 777
Til deg som søker jobb i TolletatenVi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på
arbeidsgivarportalen.