Førsteamanuensis innan global endringsøkologi
Universitetet i Bergen
Thormøhlens gate 53A, 5006 BERGEN
3 dager siden
kr 364 - 442
Per time
kr 63 133 - 76 667
Per måned
kr 757 600 - 920 000
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for biovitenskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan global endringsøkologi, med spesielt fokus på terrestrisk økologi.
Institutt for biovitenskap (BIO) vart oppretta 1. januar 2018, som ei samanslåing av tidlegare Institutt for biologi og Molekylærbiologisk institutt. BIO dekkjer forsking og forskingsbasert undervisning innanfor eit breitt spekter av biologiske og molekylærbiologiske fagområde. Instituttet er blant dei største ved Universitetet i Bergen og har om lag 230 vitskaplege og nesten 70 teknisk/administrative tilsette.
BIO er med sine om lag 300 tilsette og nesten 750 studentar eit stort og fagleg vidfamnande institutt, med forskingsaktivitet innan bl.a. utviklingsbiologi, mikrobiologi, molekylærbiologi, evolusjonsbiologi, miljøtoksikologi, økologi og biodiversitet. Instituttet er sterkt involvert i tema som havbruk, fiskehelse og fiskeri, og om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.
BIO har ei stor prosjektportefølje og halvparten av dei vitskaplege stillingane er knytt til eksternt finansierte forskingsprosjekt. Instituttet si undervisning dekkjer eit breitt spekter av biologiske disiplinar og vert tilbydd gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (fiskehelse og siv.ing havbruk) og lærarutdanning, i tillegg til doktorgradsutdanning. Om lag 950 studentar er integrert i desse programma.
Førsteamanuensis er ei kombinert forskings- og undervisningsstilling. Den som tiltrer stillinga vil vere ansvarleg for å vidareutvikle kunnskap og kompetanse innan global endringsøkologi ved Institutt for biovitenskap, og vil tilleggas ei leiarrolle innan forskingfeltet, med fokus på makroøkologi, biogeografi og paleoøkologi, spesielt i høve til fjellområde. For å styrke det faglege miljøet skal den tilsette utvikle nye forskingsprosjekt og aktivt søkje ekstern finansiering hos nasjonale og europeiske/internasjonale forskningsråd. Den tilsette skal delta aktivt i formidling av forskinga nasjonalt og internasjonalt, og vidareutvikle eit internasjonalt nettverk innan fagmiljøet. Vi forventar at kandidaten skal vere ansvarleg for å initiere og leie forskingsprosjekt innan global endringsøkologi.
Den tilsette vil få undervisingsoppgåver innan global endringsøkologi relatert til makroøkologi, paleoøkologi og biogeografi, samtidig som ein må væra fleksibel og villig til å bidra til andre undervisningsområde ved instituttet etter behov. Den tilsette vil vere veileiar for master- og doktorgradsstudentar, og delta aktivt i utviklinga av innovative undervisningsmetodar ved instituttet; inkludert feltbasert læring og integrering av moderne teknologi som kunstig intelligens, maskinlæring og geospatiale analysar.
Det er forventa at den tilsette aktivt engasjerer seg i instituttets og fakultetets strategiske aktivitetar, inkludert deltaking i interne komitear og bidrag til utviklinga av instituttets forskingsagenda.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.
Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her: https://www.uib.no/nt/54491/opprykk-til-professor
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og instituttleiar Ståle Ellingsen, Institutt for biovitenskap, stale.ellingsen@uib.no/ +47 55584437
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, magnus.larsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Førsteamanuensis i global endringsøkologi
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Om stillingen

Rapporter feilTittel
Førsteamanuensis i global endringsøkologi
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Relaterte stillinger

BERGEN
3 dager siden