Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen HF,
Haukelandsveien 22, 5021 BERGEN
To måneder siden
HB
Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen HF,
BERGEN
To måneder siden
Om stillingen
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE), post 6 er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.
Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928.
OT syd, OT vest. Ortopedisk avdeling består av 4 sengepostar som er inndelt etter fagområde. Ryggseksjonen (OT vest) og Proteseseksjonen (OT syd) har no ledige stillingar. Hos oss har vi fokus på godt arbeidsmiljø og gode utviklingsmoglegheiter. Ønsker du å jobbe med eit breitt spekter av ulike pasientgrupper? Ønsker du å jobbe i et hektisk, men supertriveleg arbeidsmiljø? Søk på OT da!
Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.
Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern. Vi har i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 9086239
Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. 6 av plassane er for personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar, som rus og personlegheitsforstyrringar. Dei 2 resterande plassane er for personar med kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og fokus er å bygge relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar kartlegging av ADL-ferdigheiter, stimulering av interesser, bruk av sanserom og musikkterapi for kjensleregulering og meistring. Seksjonen legg òg vekt på fysisk helse som ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt. Stillinga inneber gyldig politiattest.
Vi har ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar, 2-delt langvaktsturnus 12,5 timers vakter, med arbeid kvar 4. helg
Kontakt: Silje Madeleine Mihle Hop, Tlf. 55958878
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar:
Vi ser etter:
Vi tilbyr:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
3
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.

Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson