Senterleiar ved Senter for vitskapsteori
Universitetet i Bergen
Parkveien 9 , 5007 BERGEN
2 dager siden
UI
Senterleiar ved Senter for vitskapsteori
Universitetet i Bergen
BERGEN
2 dager siden
kr 570 - 594
Per time
kr 98 717 - 102 883
Per måned
kr 1 184 600 - 1 234 600
Per år
Oppsummert av KI
Rapporter feilOm stillingen
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=LlM1uxJXqBQVil du leie eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter?
Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen søkjer senterleiar ved Senter for vitskapsteori (SVT) med tilsetjing frå 01.07.2027 eller så snart som mogleg etter dette. Senterleiarstillinga er ei åremålsstilling med tilsettingsperiode på fire år, med høve til å søkje om inntil ein ny åremålsperiode.
Kvifor søkje?
Som senterleiar får du ei unik moglegheit til å leie, utvikle og påverke.
Stillinga er både utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. Du vil arbeide i eit spennande og mangfaldig miljø med dyktige og inspirerande kollegaer, der du skal vere med på å forme senteret slik at både tilsette og studentar får gode vilkår for læring, utvikling og trivsel.
I stillinga vil du få god moglegheit til å utvikle deg sjølv som leiar i nær samhandling med leiargruppa ved instituttet og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. I tillegg gir stillinga rom for å kombinere fagleg leiarskap med eigen fagleg aktivitet.
Senter for vitskapsteori (SVT) er eit tverrfagleg og interfakultært senter med ansvar for vitskapsteoretisk forsking, utdanning og formidling ved Universitetet i Bergen. Senteret er del av Det humanistiske fakultet, men er òg arbeidsplass for tilsette ved ulike fakultet, og den faglege verksemda strekkjer seg på tvers av fagområde, fakultetsgrenser og vitskaplege tradisjonar.
SVT har ei sentral rolle i forskarutdanninga ved UiB gjennom undervisning i vitskapsteori og etikk for ph.d.-kandidatar. Senteret tilbyr òg tverrfaglege og forskingsbaserte danningsemne på bachelornivå og har programansvar for masterprogrammet i berekraft.
Forskinga ved senteret er prega av eit tett samspel mellom forsking, undervisning og formidling. SVT leier og deltek i eksternfinansierte forskingsprosjekt og samarbeider breitt med fagmiljø ved UiB, nasjonalt og internasjonalt. Forskinga omfattar mellom anna vitskapsfilosofi, vitskapshistorie, forskingsetikk, STS og studiar av vitskapen si rolle i samfunnet.
Senteret har omlag 16 årsverk og eit mangfaldig, tverrfagleg fagmiljø med forskarar, stipendiatar, postdoktorar og administrative medarbeidarar.
Som senterleiar har du det faglege, administrative og strategiske leiaransvaret for verksemda ved senteret. Du er ansvarleg for dagleg drift, strategiske prioriteringar, personale, HMS-arbeid, ressursbruk og økonomi. Senterleiar har arbeidsgjevaransvar for tilsette ved senteret.
Du har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved senteret, inkludert forsking, undervisning og formidling. Ansvaret omfattar òg forvalting og vidareutvikling av senteret sine studieprogram, inkludert koordinering med samarbeidspartnarar. Gjennom samarbeid med tilsette og studentar skal du bidra til å sikre høg fagleg kvalitet i verksemda.
Senterleiar har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innanfor rammevilkår fastsette av fakultetsstyret.
Du skal utøve fagleg og strategisk leiing av det faglege fellesskapet ved senteret, og leggje til rette for forskingsaktivitet, ekstern finansiering og forskingsformidling. Senteret er særskilt sterke på innhenting av ekstern finansiering, og prosjektinitiering vil vere ein særleg sentral del av stillinga. Vidare inkluderer rolla som senterleiar òg å koordinere, styrkje og vidareutvikle samarbeid med partnarar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Senterleiar rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, inkludert:
Tilsetting i stillinga vil bygge på ei heilskapleg vurdering.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden skal innehalde:
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Nærare om tilsettingsprosessen her
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan, professor Camilla Brautaset på telefon 55 58 23 06 / 473 29 832 eller e-post camilla.brautaset@uib.no, eller til fakultetsdirektør Kim Ove Hommen på telefon 55 58 93 41 / 908 85 702 eller e-post kim.hommen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Tittel
Senterleiar ved Senter for vitskapsteori
Oppstart
Type engasjement
Åremål
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen

Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson