Kommunalsjef Samfunn
Time kommune
Arne Garborgs veg 32, 4344 TIME
6. august 2025
TK
Kommunalsjef Samfunn
Time kommune
BRYNE
6. august 2025
Om stillingen
Me søker ein samarbeids- og løysingsorientert leiar som vil vera sentral i den vidare utviklinga av tenesteområdet Samfunn, og av Time kommune som samfunnsaktør.
Me søker ein engasjert leiar som skapar oppslutning om felles mål og verdiar. Du evnar å delegera oppgåver og ansvar, er oppteken av leiing gjennom andre og av å bygga eit solid lag.
Tenesteområdet Samfunn har rundt 150 årsverk og består av verksemdene Kommunalteknikk, Eigedom, Kultur og Plan og forvaltning. I tillegg er kommuneoverlegen organisert i Samfunn. Kommunalsjefen vil ha det strategisk overordna ansvaret for utviklinga av tenesteområdet i nært samarbeid med verksemdleiarane. Kommunalsjefen vil òg få ansvaret for å sørga for god og effektiv drift av tenesteområdet innanfor kommunale planar, budsjett og gjeldande lov- og regelverk.
Time kommune er ein kommune i omstilling og skal tilpassa organisasjonen og tenesteproduksjonen til dei økonomiske rammene som ligg føre. Det er på bakgrunn av dette sett i gang eit arbeid i alle tenesteområde, deriblant Samfunn, for å bidra til ei god økonomisk forvaltning av kommunen. Som kommunalsjef Samfunn vil du ha det overordna ansvaret for omstillingsarbeidet i tenesteområdet og vera resultatansvarleg for dette inn i kommunedirektøren si leiargruppe.
Kommunalsjef Samfunn rapporterer til kommunedirektøren og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Stillinga inneber å møta i fleire folkevalde organ.
Me tilbyr ei spennande og utfordrande leiaroppgåve, med eit godt støtteapparat og fellesskap, i eit leiarkollegium med gode stabs- og støttefunksjonar.
Tiltreding og lønn etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Trygve Apeland, tlf. 908 70 079
Det vil verta utarbeidd offentleg søkarliste. Det visast til offentlegheitslovas § 25, andre ledd når det gjeld å bli unnateken offentleg søkarliste.
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tittel
Kommunalsjef Samfunn
Oppstart
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Omfang
Heltid
Antall stillinger
1
Nysgjerrig på om du tjener rett?
Med Lønnas lønnskalkulator kan du enkelt sammenligne lønnsnivået ditt.
Om stillingen
Me søker ein samarbeids- og løysingsorientert leiar som vil vera sentral i den vidare utviklinga av tenesteområdet Samfunn, og av Time kommune som samfunnsaktør.
Me søker ein engasjert leiar som skapar oppslutning om felles mål og verdiar. Du evnar å delegera oppgåver og ansvar, er oppteken av leiing gjennom andre og av å bygga eit solid lag.
Tenesteområdet Samfunn har rundt 150 årsverk og består av verksemdene Kommunalteknikk, Eigedom, Kultur og Plan og forvaltning. I tillegg er kommuneoverlegen organisert i Samfunn. Kommunalsjefen vil ha det strategisk overordna ansvaret for utviklinga av tenesteområdet i nært samarbeid med verksemdleiarane. Kommunalsjefen vil òg få ansvaret for å sørga for god og effektiv drift av tenesteområdet innanfor kommunale planar, budsjett og gjeldande lov- og regelverk.
Time kommune er ein kommune i omstilling og skal tilpassa organisasjonen og tenesteproduksjonen til dei økonomiske rammene som ligg føre. Det er på bakgrunn av dette sett i gang eit arbeid i alle tenesteområde, deriblant Samfunn, for å bidra til ei god økonomisk forvaltning av kommunen. Som kommunalsjef Samfunn vil du ha det overordna ansvaret for omstillingsarbeidet i tenesteområdet og vera resultatansvarleg for dette inn i kommunedirektøren si leiargruppe.
Kommunalsjef Samfunn rapporterer til kommunedirektøren og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Stillinga inneber å møta i fleire folkevalde organ.
Me tilbyr ei spennande og utfordrande leiaroppgåve, med eit godt støtteapparat og fellesskap, i eit leiarkollegium med gode stabs- og støttefunksjonar.
Tiltreding og lønn etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Trygve Apeland, tlf. 908 70 079
Det vil verta utarbeidd offentleg søkarliste. Det visast til offentlegheitslovas § 25, andre ledd når det gjeld å bli unnateken offentleg søkarliste.
Relaterte stillinger

Kontaktperson
Kontaktperson